Vinje kan få litteratursenter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vinje-kommune meiner alvor når vi no set i gang dette arbeidet. Med Nynorsk kultursentrum har vi fått den samarbeidsparten vi ønskte, seier ordførar i kommunen Arne Vinje.

LES OGSÅ: Skreiv seg til siger

Kommunen har inngått ein intensjonsavtale med Nynorsk kultursentrum om det planlagde senteret. Av avtalen går det fram at Vinje-senteret blir ei eiga driftseining i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet og Hauge-senteret i Ulvik.

Målet er at det nye senteret skal stå ferdig i 2018 til 200-årsjubileet for forfattaren, journalisten og språkmannen Aasmund Olavsson Vinje.

– Samarbeid avgjerande
Kultursjefen i Vinje, Signe Marie Kittelsaa, er òg glad for å ha fått Nynorsk kultursentrum med på laget.

– Dei har ekspertisen og har gjort dette før, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Utan hjelp frå Nynorsk kultursentrum er det ikkje mogleg å få Vinje-senteret til, meiner ho.

Dei to samarbeidspartnarane har nyleg bedt om møte med politisk leiing i Kulturdepartementet før jul for å presentera prosjektet.

Nytt liv i nedlagt skule
Planen er å byggja om Vinje skule til føremålet. Skulen er frå og med dette skuleåret lagt ned og ligg midt i eit viktig kulturområde i Vinje med mellom anna Vinjestoga – barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje – og Midtbø, heimen til diktarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas – i nærleiken.

Vinje-senteret skal ta vare på arven etter desse diktarane og stimulera til ny skriving. Senteret skal dekkja både skjønnlitteratur og sakprosa. Språkleg og kulturell identitet er andre stikkord. Målet er også å gjera Vinje-senteret til ein berebjelke i arbeidet for meir bruk av nynorsk på Austlandet.

LES OGSÅ: ­– Eit kraftsentrum for poesi i Noreg

Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum meiner det er god offentleg økonomi å bruka eit eksisterande bygg på denne måten. Han viser til gode røynsler frå Ulvik med det nyopna Hauge-senteret i det gamle heradshuset der.

– Dette er den billegaste nasjonale kulturinstitusjonen som er opna på lang tid, seier han. Til saman kosta Hauge-senteret 11 millionar kroner. Kor mykje det planlagde senteret i Vinje vil kosta er førebels uklart.

Fellesskap på tvers av geografi
Trass i at det er tre fylkesgrenser mellom Vinje i Telemark og Nynorsk kultursentrum i Ørsta, meiner initiativtakarane at den faglege nærleiken er større enn den geografiske avstanden.

– Den største styrken er at vi no greier å byggja opp breie språk- og litteraturfaglege miljø innanfor Museums-Noreg. Det betyr større fagleg fellesskap innanfor verksemda vår. Medarbeidarane får fleire å rådføra seg med innanfor eigne institusjonar. Vi veit meir om det vi held på med, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum, som berre har gode røynsler frå ei slik organisering med Hauge-senteret i Ulvik.

– Er det plass til endå eit litteraturhus?

– Dette er noko heilt anna enn litteraturhusa i til dømes Oslo og Bergen. Her er det eit fagmiljø som utviklar eigen kunnskap innanfor sitt felt. Det finst mange personmuseum innanfor det litterære i Noreg, til dømes Aulestad, Bjerkebæk, Hamsun, Ibsen og så vidare. Eg meiner definitivt at det er ønskjeleg med fleire litterære museum som har ein høgare himmel.

Lokale medstiftarar
Initiativtakarane arbeider no med å få støtte for prosjektet både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Etter ei rekkje møte med lag og organisasjonar i Vest-Telemark, står no fylket og institusjonane der for tur. Telemark fylkeskommune har mellom anna fått invitasjon til å bli som medstiftar i Nynorsk kultursentrum, og fylkesrådmannen har lagt fram ei positiv innstilling.

– Det betyr at fundamentet til Nynorsk kultursentrum blir endå meir solid, seier Grepstad og peikar på at Telemark fylkeskommune i så fall blir den femte fylkeskommunen som blir medstiftar i Nynorsk kultursentrum.

Også Telemarks-benken på Stortinget og andre sentrale stortingsrepresentantar vil merka at arbeidet er i gang med eit nytt litterært museum i Noreg, varslar initiativtakarane

Ei prosjektgruppe skal innan utgangen av neste år leggja fram ei tilråding om kva som skal skje med planane vidare.

LES OGSÅ: Krev nynorsk kvitter frå politiet