Eit syskenskap djupt som jorda

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dersom du bur i Oslo, drikk du vatn som har runne gjennom Nordmarka. Nordmarka renn altså gjennom deg òg.

‘Klimapsykolog’ og førstelektor ved BI, Per Espen Stoknes, har nettopp parkert sykkelen ved ein kafé på Skøyen i Oslo. No freistar han, som ein av Noregs fremste ekspertar, å forklare kva økopsykologi er for noko.

Spørsmålet er «kvar sluttar du og kvar byrjar naturen?»

Depresjon er sunt?
For nokre år sidan gav den amerikanske psykologforeininga ut ein 230-siders lang rapport, om psykologi og globale klimaendringar. Ein stor del av rapporten tek føre seg emosjonelle kostnader knytt til økologisk forvitring: angst, fortviling, apati, sorg, kjensla av å verte overvelda og makteslaus. I arbeidsgruppa bak rapporten, sat blant andre ein økopsykolog.

LES OGSÅ: Det grøne skiftet er i gang

Økopsykologi er ein retning innan psykologien, som knyt saman økologisk berekraft og psykisk helse. Forureining, klimaendringar eller tap av biomangfald heng i dette perspektivet saman med kjensler som sorg, rotløyse og framandgjering.

I Noreg er dei ikkje så mange, raddis-psykologane som går rundt med tankar bygd på djupøkologien til Arne Næss i bakhovudet. Men no er dei ikkje lenger like åleine med si interesse for å kombinere økologiske og psykologiske perspektiv.

– På 90-talet var det ikkje så mange. Dei siste fem åra har eg stadig oftare blitt kontakta, både av politikarar, næringsliv og andre psykologar som vil vite meir, seier Stoknes.

Til hausten skal Stoknes undervise i økopsykologi ved Universitet i Oslo for første gong, og før det kjem han med ei ny bok om temaet.

– Den auka interessa kjem nok av at alvoret i klimakrisen byrjar å sige innover oss. Fleire undrar seg over kva tankesett det er som driv krisa fram, meiner han.

Gnomen i bordet
Lat oss ta eit steg tilbake, nærmare bestemt til 1994, då Stoknes leverte hovudoppgåva «Økopsykologi: Fra et intrapsykisk selv til et økologisk Selv». Her kan ein mellom anna lese at «natur og nærmiljø er objektivisert – frattatt sin sjel», og seinare at «dyrene, tingene, bygningene og stedene har mentale egenskaper, de har sjel, forstått som egne perspektiv og intensjoner».

Eg klappar på bordet mellom meg og Stoknes.

Hæ? Har dette bordet sjel?

– Altså, det sit ikkje ein tenkande gnom som gliper med auga gøymt inne i bordet, svarar psykologen.

Ok, kanskje vi må ta endå eit steg tilbake. Faktisk så langt tilbake som til Aristoteles.

– Han såg ikkje på legeme og sjel som motstridande, men snakka om sjelen som alle tings unike form. Han snakka også om plantesjel, mineralsjel, dyresjel og rasjonell sjel. Under opplysingstida tok mennesket eit feilaktig val, då vi gjekk for den dualistiske røyndsoppfatninga. Mennesket vart subjekt, naturen objekt. Men når isbreane no smeltar, klimaet endrar seg og økosystem vert forringa på grunn av menneskeleg aktivitet, ser vi då naturen i aksjon eller mennesket? Dette gamle skiljet er no feil, meiner psykologen.

Dei fleste kan vere einige i at vi til ein viss grad er avhengige av samspel med andre menneske. Vi treng kos og støtte, og vi vert påverka av andre.

Økopsykologane grev litt djupare. Dei meiner at vi ikkje berre er tett knytt til naturen og andre vesen, men at vi på eit djupare plan er uåtskilde – som blada på eit tre er uåtskilde frå treet.

– I økopsykologi vil ein hente fram igjen det før-dualistiske. Ein vil ha oss til å erkjenne dei djupe banda som eksisterer mellom oss og omgjevnadane våre, seier Stoknes.

LES OGSÅ: – Omstillinga må starte i dag

Artikkelen held fram under teikneserien.


Les teikneserien til Chris Kåring her!

Frå politikk til hest
I tillegg til det filosofiske, vert økopsykologi praktisert i form av økoterapi og i politikk og samfunnsplanlegging. Sistnemnde er Stoknes sitt felt.

– På BI arbeider eg med framtidstenking og den innbyrdes avhengnaden mellom menneske og natur. Eit døme er grøn vekst, som er blitt meir i vinden etter kvart som vi ser at til dømes omlegging til fornybar energi vert avgjerande.

Økoterapi gjer ein ganske anna nytte av økopsykologien.

Kva er økoterapi?

– Veldig enkelt sagt – terapi ute! Helst i nærvær av plantar og dyr.

Stoknes ler igjen.

– Naturen er ein av våre eldste kjelder til heling. Nyare forsking syner at pasienten vert betre når natur er ein del av terapien, anten ved at pasienten er ute mellom timane, eller at terapien går føre seg ute, som den gjer i elveterapi, hesteterapi, eller inn-på-tunet-prosjekt, forklarar han.

Kontakt med noko levande
Psykologspesialist Marianne Klouman har i over ti år drive med kurs, rettleiing og prosjekt innan hesterelatert psykoterapi. Også ho merkar ei aukande interesse for feltet.

– Eg kan ikkje uttale meg om alle typar økoterapi, men interessen for hesterelatert terapi har heilt klart vakse stort dei siste ti åra, seier ho.

Klouman er ikkje i tvil om at hesten har verdi i terapi, med fagkunnskap og tilrettelegging.

– Psykoterapi har tradisjonelt gått føre seg i stillesittande situasjonar, på ein stol eller ein benk, inne på eit kontor. Når ein person kjem ut og opplever noko som lever så skjer det noko, både med personen og med terapeuten. Hesten, trea og plantene skapar ein relasjon. Og dette som skjer kan ein bruke til å arbeide med det som er inne i personen, forklarar ho.

LES OGSÅ: Angst, angst, baby. Dumdumdum…

I Noreg i dag vert hesterelatert psykoterapi mellom anna brukt i behandling av kompliserte trauma og med unge rusavhengige. I prinsippet kan slik terapi blir brukt i møte med alle typar psykiske lidingar, så lenge terapeuten veit kva ho driv med.

– Ein må ha ein plan. Somme treng å øve på nærleik, somme på å ta leiing, og andre på å bruke sin eigen kropp. Botnlinja er at vi mennesker relaterer oss til alt levande, og det ligg stort potensial i å tilby kontakt med noko levande i terapi, seier Klouman.

Sjølv om der finst nokre skeptikarar, er dei fleste positive, seier psykologspesialisten.

– Skeptikarar må vi ha, det er berre bra. Men generelt er folk veldig positive.

Det filosofiske er også veldig konkret
Australske aboriginar, amerikanske indianarar og fleire andre urfolk som har opplevd å bli fortrengde frå sine heimtrakter, har rapportert om sorgtunge kjensler av tap og desorientering. Tenkjer ein seg om, er vi kanskje ikkje i ein heilt ulik situasjon.Klimaet endrar seg, og med det samfunnet vårt, livsgrunnlaget vårt og naturen.

I økopsykologiens and er det å føle sorg for økosystem som vert øydelagte både naturleg og viktig.

– Økopsykologien er filosofisk, men også veldig konkret. Når pasientane ser at hesten har det bra, så kjenner dei det i kroppen. Sameleis dersom hesten ikkje har det bra. Det same gjeld tre som døyr. Vi er uløyseleg knytt saman, så det er klart vi blir lei oss når kloden blir øydelagt. Alle er kanskje ikkje medvitne på det, men samspelet mellom natur og mennesket påverkar dei likevel, seier Klouman.

Frå eit økopsykologisk perspektiv, kan altså klimaendringar gå utover vår psykiske helse. Miljøfilosofen Glenn Albrecht har gitt miljørelaterte kjensler av sorg namnet «solastalgia».

Eller som Per Espen Stoknes smell til over kafebordet på Skøyen:

– Dersom du ikkje er deprimert i dag, bør du gå til psykolog.

LES OGSÅ: Psjukt engasjert

Faktaboks

Tre innsikter frå økopsykologi:

1. Det er uunngåelege djupe band mellom menneske og landskapet det bur i, både materielt og psykisk.

2. Illusjonen om at menneske og natur er skilde fører til liding, både for miljøet og for mennesket.

3. Å erkjenne dei djupe relasjonane er lækjande for både natur og menneske.

Tre føremål med økopsykologi:

1. Å skifte tenking og motivasjon innan miljøaktivisme, frå angst, skuld, tvang og kontroll, til invitasjon, glede, sorg og kjærleik.

2. Å  fremje personleg økologisk tenking i direkte kontakt med natur, både i personleg utvikling og terapi.

3. Å støtte ein grønare livsstil, som er økologisk berekraftig og psykologisk helsefremmande.

Kjelde: Per Espen Stoknes.