Det hjelper å snakka med nokon

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Telefonane gjekk i eitt heile kvelden. Etter at Aktuelt på NRK viste filmen LEVE, laga av mellom anna Raude Krossen Ungdom, kom telefonnummeret til Hjelpetelefonen opp.

Det er 116 123, om du skulle lura.

Før visinga av filmen bestemte Hjelpetelefonen, som er drifta av Mental Helse, at dei skulle auka bemanninga for kvelden. Valet var veldig bevisst, fortel dagleg leiar Aslaug Timland Dale.

– I går hadde Aktuelt fokus på sjølvmord, og viste filmen LEVE der fire ungdommar fortalde om tankane i forkant og etterkant av sjølvmordsforsøket. I rulleteksten sto telefonnummeret vårt. Erfaringsmessig aukar trykket av slike program.

Her kan du lesa Oddvar Vigsnes, ein av deltakarane i LEVE, si forteljing om sitt sjølvmordsforsøk.

Trykk gjennom kvelden
Erfaringa fekk rett – gjennom kvelden var det stor pågang hos Hjelpetelefonen.

– Det viste seg at dette var heilt rett å gjera. Me hadde eit kontinuerleg trykk på telefonen, med veldig mange nye innringarar som hadde sett programmet og telefonnummeret vårt. Det som var godt var at veldig få sat i kø.

I går kveld sat fem vegleiarar på telefon, medan tre sat på chat-tenesta til midnatt. I tillegg til desse tenestene har Hjelpetelefonen ei skriveteneste, der du kan skriva kva du tenkjer og får svar på e-post. Du kan sjå alle tenestene på sidetmedord.no

LES OGSÅ: På verdstoppen i sjølvmord

Eit stort problem
Kvart år tek mellom 500 og 550 menneskjer livet sitt i Noreg, skriv Raude Krossen Ungdom på sine heimesider. Det gjer det til ein av dei vanlegaste dødsårsakane blant unge, skriv dei vidare.

Psykologspesialist Elin Hordvik ved Senter for krisepsykologi har arbeidd mykje med etterlatte etter sjølvmord. Ho understrekar at sjølv om det er meir openheit kring det i dag, er det ikkje noko lettare å missa nokon kjære til sjølvmord i dag enn for tretti år sidan. Det er framleis like vondt.

– Eit stort spørsmål mange sit igjen med er kvifor. Andre kan forstå kvifor dei gjorde det, men er framleis utruleg lei seg, forklarar psykologen.

LES OGSÅ: Lene Marlin hylla for openheit

Presset
Kva som er årsaka til at mange – ofte unge menneskjer, som verkar lukkelege – vel å ta livet sitt, er eit stort spørsmål.

Hordvik trur at noko av årsaka kan vere at mange unge lever under eit stort press. Det er forventa at dei skal verte vellukka og få dei “riktige” jobbane. Unge er ofte ei sårbar gruppe fordi dei er i ein meir flytande periode i livet, og ikkje alltid like trygge på kven dei er. Då er det mindre som skal til for å vippe lasset.

Særleg gutar og unge menn er ei utsett gruppe.

– Noko av grunnen kan vere at dei har mindre av løysingstrategiane, som går på å oppsøke nokon og snakke om det. Dei tek det kanskje åleine og då vert fallet større, trur Hordvik.

LES OGSÅ: Studie: Éin av seks unge har sjølvmordstankar

– Snakk med nokon
Hordvik meiner det viktigaste ein kan gjera om ein slit med vonde tankar og ikkje ser noko løysing er å snakka om det. Det er Aslaug Timland Dale i Hjelpetelefonen einig i.

– Ein bør ta kontakt med nokon rundt seg, absolutt. Nytt gjerne ei telefonteneste med nokon som tåler det, det er klart det er tøft å ta imot ein telefon frå nokon som vil ta farvel. Å snakka med nokon er nøkkelen til å handtera ting. Når alt virkar mørkt vil det å setja ord på tankane saman med nokon som gir deg håp alltid gjera det betre, sjølv om det ikkje virkar slik med ein gong.

LES OGSÅ: Får fleire piller etter sjølvmordsforsøk

Å ta opp telefonen
Det å snakka om vonde tankar er frykteleg vanskeleg, og ofte eit stort steg. Hjelpetelefonen vil at det skal vera så enkelt som mogleg for deg å ta kontakt.

– Kva møter deg når du ringer Hjelpetelefonen?

– Samtalane er like individuelle som dei som ringer inn. Du blir møtt av ein rettleiar som har erfaring i å snakka med personar med ulike utfordringar. Nokon tykkjer det er ubehageleg å ringa, og vegleiarane våre er trente på å få i gang ein samtale, og å vera i det ein kallar dødssona.

Timland Dale erfarer og at ein chat kan vera like effektiv som ein telefonsamtale.

– For nokon er det det. Du er meir anonym når du skriv, og det er kanskje lettare å vera heilt ærleg. Men for andre er det veldig godt å prata.

Uansett korleis du gjer det, er det viktigaste steget å faktisk snakka med nokon.

LES OGSÅ: Ungdom er mest einsame

Faktaboks

• 10. september er den internasjonale dagen for førebygging av sjølvmord.
• Kvart år tek mellom 500 og 550 menneskjer livet sitt i Noreg.
• Hjelpetelefonen, eit tilbod frå Mental Helse, har rettleiarar som er kan hjelpa i tunge situasjonar.
• Dei har og nettsida Sidetmedord.no, der det mellom anna finst ein chat for dei som slit.
• I går kveld auka Hjelpetelefonen bemanninga i samband med visinga av filmen LEVE på NRK. Filmen viser fire personar sine tankar om eigne sjølvmordsforsøk. Du kan sjå den hos Raude Krossen Ungdom.
• Nummeret til Hjelpetelefonen er 116 123