Studie: Éin av seks unge har sjølvmordstankar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éin av seks unge har tenkt tanken

Angst, depresjon og åtferdsproblem på ungdomsskulen kan leie til sjølvmordstankar seint i tenåra, skriv Dagens Medisin.

Det viser ein studie frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), som nyleg er publisert i tidsskriftet BMJ Open.

LES OGSÅ: Det skumle ved å bli vaksen

Fleire jenter sleit
I alt 2.399 ungdomsskuleelevar frå Nord-Trøndelag, som deltok i Hunt-studienmellom 1995 og 1997, vart følgde opp da dei var mellom 17 og 19 år gamle. Rundt 17 prosent av dei spurde fortalde om sjølvmordstankar på vidaregåande skule. Fleire jenter enn gutar oppgav at dei sleit med slike tankar.

Målet var å kartleggje korleis helse og livsstil tidleg i tenåra påverka utviklinga av sjølvmordstankar fire år seinare.

– Mange fleire av dei som hadde angst og depresjonssymptom på ungdomsskulen, hadde sjølvmordstankar på vidaregåande. Slike tanker var dobbelt så vanlege blant dei som hadde åtferdsproblem, enn i bakgrunnsbefolkninga, seier Arve Strandheim, overlege ved Levanger sjukehus og førsteforfattar av artikkelen.

LES OGSÅ: Psykologar får ikkje sjukmelda

Eit paradoks
Forskarane fann òg at overvekt tidleg i tenåra gav disposisjon for sjølvmordstankar seinare, og dette var mest tydeleg for jentene.

– Det er eit paradoks at jenter rapporterer om sjølvmordstankar, mens statistikken viser at det er gutane som faktisk tar sjølvmord, seier Strandheim til Dagens Medisin.

LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor