Utdanningsvala til norske ungdommar bekymrar OECD. Dei anbefaler meir freistande gulrøter, men også meir pisk for å få unge til å velje yrka som samfunnet treng.

NPK-NTB-Birgitte Iversen
NPK-NTB-Birgitte Iversen

For eit halvt år sidan kom Organisasjonen for samarbeid og utvikling (OECD) med ei alvorleg bekymringsmelding om det norske kompetansesystemet:

For mange i arbeidsfør alder på trygd, for stort fråfall i skulen, for mange vaksne med for dårlege kunnskapar i lesing og rekning og eit for stort gap mellom utdanningsvala til norske ungdommar og behovet til arbeidslivet, var blant hovudfunna.

No kjem organisasjonen med ein ny rapport om kva norske styresmakter bør gjere for å betre situasjonen.

Rapporten blir delt ut til i alt fem departement med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i spissen.

LES OGSÅ: Studentane slit, fleire krev handling

Vel feil
Rapporten med namnet «OECD Skills Strategy Action Report Norway» brukar mykje plass på korleis norske styresmakter kan stimulere unge til å til å velje utdanningar samfunnet har bruk for og som i større grad kan bidra til meir økonomisk vekst.

Noreg har eit skrikande behov for kompetanse innan naturvitskap, teknologi, ingeniørkunst og matematiske fag, men for få unge vel seg desse utdanningane.

Ifølgje ei undersøking svarer berre 34 prosent av norske 15-åringar at dei kunne tenkje seg ei naturvitskapeleg karriere.

Styresmaktene må også tenkje nytt for å få fleire til å velje yrke der mangelen på arbeidskraft er stor, som i helsesektoren og innan eldreomsorga, påpeiker OECD.

LES OGSÅ: Meir utdanning gjev mindre risiko for demens

Kutt i studieplassar
OECD peiker på at det norske lønnssystemet i dag i liten grad reflekterer kva for jobbar det er mangel på folk i.

– Arbeidsgivarar og partane i arbeidslivet bør vurdere å gi sterkare lønnssignal for å oppmuntre den enkelte til å velje eit spesielt yrke eller utdanning, skriv organisasjonen.

Auka bruk av stipend og differensierte lån, i tillegg til å tilretteleggje arbeidet så det står fram som attraktivt, er andre verkemiddel, ifølgje rapporten.

På den andre sida meiner OECD at ein bør tilby færre studieplassar på studium det er mindre behov for i samfunnet, og at utdanningstilbodet som heilskap i større grad bør tilpassast behovet.

LES OGSÅ: – Ekstra studieår gir 10 prosent høgare lønn

Gründer-mangel
Noreg har også altfor få entreprenørar, åtvarar organisasjonen. Ei kartlegging viser at nordmenn flest ikkje føler at dei har kunnskapen som skal til for å kunne starte si eiga verksemd.

Rapporten peiker på kor viktig gründerar og entreprenørskap er for å skape innovasjon og økonomiske utvikling i eit land.

For å stimulere til fleire gründerar bør undervisning i entreprenørskap integrerast i alle høgare utdanningsprogram og pedagogikken på dette fagfeltet bør styrkast, er blant anbefalingane.

LES OGSÅ: Er du klar til å satsa, Torbjørn?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE