Ein ny studie viser at dei med høgare utdanning sjeldnare får demens mot slutten av livet.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

– Ved å bruka hjernen klarar han også å motstå demenssjukdom i større grad, seier seniorforskar Bjørn Heine Strand ved Folkehelseinstituttet og Universitetet i Oslo til Dagsavisen.

LES OGSÅ: Hjerneceller forklarar dårleg søvn

Større risiko med grunnskule
Over 90.000 personar er med i studien som norske forskarar har utført for å undersøkja samanhengen mellom utdanning og demens.

Studien viser at folk med grunnskuleutdanning har 40 prosent større risiko for å dø med demens, enn dei som har høgare utdanning.

– Det kan vera at eit par år på skulebenken verkar vernande, anten direkte eller indirekte. Vi ser samanhengen, men veit ikkje heilt kva årsakene er, strekar Strand under.

LES OGSÅ: Spreke born, smarte born

Såg berre på lengda
I undersøkinga er det ikkje skilt mellom folk med yrkes- og allmennfagleg utdanning. Forskarane har berre sett på lengda av utdanninga.

Strand oppmodar folk i alle aldersgrupper til å lesa og læra nye ting, og peikar på at mange forskarar samanliknar hjernen med ein muskel som blir i betre form når han blir brukt.

I dag lir rundt 70.000 personar i Noreg av demens. Folkehelseinstituttet ventar ein sterk auke dei komande åra mellom anna på grunn av ei aldrande befolkning.

LES OGSÅ: Barneteikningar kan avsløra IQ

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE