Kranglar om kjøtet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det starta med eit forslag frå Unge Høgre i Nord-Trøndelag om å forby kjøt på offentlege institusjonar kvar måndag, i håp om å gjera noko flott for miljøet. Latterleg, seier Framstegspartiets Ungdom (FpU) i same fylke. Det er Trønder-Avisa som først skriv om kjøtkrigen.

LES OGSÅ: – Manglande skulemat er ei krise

Detaljstyring
Forslaget, tydeleg inspirert av til dømes Meat Free Monday-kampanjen til Paul McCartney og familien, vart møtt med harme frå FpU, som kallar det detaljstyring framfor å ha tillit til folk.

– Me vil ikkje tre forbod og sanksjonar nedover hovudet på folk flest, men gjer det heller attraktivt å vera miljøvennleg, skriv Kristoffer Vikan, nestformann i FpU, i ei pressemelding ifølge Trønder-Avisa. Vidare peiker Vikan på tiltak som å kutta avgifter på import av el-bilar, meir skattefrådrag på ENØK-tiltak og meir pengar til samferdsel.

LES OGSÅ:Forskar: Her er den beste pizza-osten

Miljøfokus
Unge Høgre i Nord-Trøndelag, med leiar Maren Aasen i spissen, forsvarar forslaget med at dei vil gjera ein innsats for miljøet.

– Unge Høgre har valt å skriva ein resolusjon om kjøtfri måndag fordi me har hatt stort fokus på energi og miljø i det siste. Faktisk er det slik at verda står overfor store klimautfordringar og ifølge FN står kjøt for ein femtedel av verdas klimautslepp, seier Aasen til Trønder-Avisa.

Aasen forklarar vidare at forslaget er meint å gjera staten til eit godt førebilete.

– Me kan ikkje krevja at privatpersonar gong på gong skal redda miljøet. Difor meiner me at det er statens ansvar å vera eit godt døme med kjøtfri måndag på offentlege institusjonar, seier Aasen til same avis, og ho viser til at Forsvaret har innført kjøtfri måndag med hell.

LES OGSÅ: Rapport frå eit absurd miljølandskap

– Vanvittig kule
Medan dei lokale ungdomspartia kranglar litt, reagerer Framtiden i våre hender med glede på forslaget.

– FpU tykkjer forslaget er latterleg, men me i Framtiden i våre hender tykkjer Unge Høgre er vanvittig kule. No gjenstår berre resten av regjeringa, skriv organisasjonen på sine Facebook-sider i dag, og linkar til Trønder-Avisa sin artikkel.

Sjølv om FN konkluderer med at kjøtproduksjon står for ein femtedel av klimautsleppet, kan kyrne og vera ein del av løysinga. Les meir her!