Rapport frå eit absurd miljølandskap

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit absurd miljølandskap

Artikkelen vart først publisert hos Dag og Tid.

EUs miljøpolitikk er for utanforståande litt som liturgien i den katolske kyrkja: rare og uforståelege saker. Om du so legg den norske miljøpolitikken på toppen, får du dei apokryfe Tesla-skriftene. Men fyrst EU og om litt støvsugarar.
EUs krav om meir fornyeleg energi, kva har det ført til? Jau, at den største fornyelege energikjelda EU-landa har teke i bruk, er ved, som er ei svært dyr energikjelde samanlikna med gass og kol. Kraftselskapet Drax i England gjekk i 2012 med 1,9 milliardar i overskot. Dei konverterer no tre av kolomnane sine til vedfyring. Når desse står ferdige i 2016, må regjeringa i London betala selskapet 5,5 milliardar kroner i året i subsidiar.

LES OGSÅ: Tesla deler på teknologien
Hjelper det på klimaet? Vel, det får ned utsleppa lokalt, men ikkje globalt. For veden vert henta frå ein stad, i hovudsak frå Nord-Amerika. Professor Tim Searchinger ved Princeton har rekna seg fram til at om ein maktar å nytta heile treet til energiproduksjonen, so gjev det jamført med å brenna eitt tonn kol ein reell auke i CO2-utsleppa på 79 prosent over tjue år og 49 prosent over førti år. Fyrst etter hundre år, når eit nytt stort tre står der, vert det reell CO2-reduksjon i høve til kol. Men det var ikkje poenget med EUs klimapolitikk; poenget var å få ned utsleppa av CO2 her og no for å redusera skadane om hundre år. Å byggja om eit gasskraftverk til trekraft løyser elles ut ein kostnad eller ein subsidie på 225 pund per tonn CO2 i Storbritannia. Skattebetalarane må med andre ord ut med over 2000 kroner for kvart tonn med CO2 sleppt ut ved vedfyring.

LES OGSÅ: Beiter oss til betre tider

Paradoksale effektar
Sånn, no er de i stemning for det smått absurde. Lat oss sjå nærare på Noreg, for ogso vi er ein del av EUs miljøpolitikk. Noreg er som kjent ein del av EUs indre marknad og full medlem av EU utanom pengepolitikken og fiskeri- og landbrukspolitikken. Men dette hindrar oss ikkje i å gå lenger enn EU på visse område, særleg ser vi dette i miljøpolitikken. Og det gjev ein heil del paradoksale effektar.

Om du tek fram støvsugaren din og ser litt grundigare på han, vil du sikkert oppdaga at du har late han stå permanent på 2400 Watt, som er den sterkaste effekten på dei fleste vanlege mobile støvsugarar. Kvifor lèt du han stå på det sterkaste? Av di det gjer at du kan støvsuga raskare enn på lægre effektar. Det er litt som hestekrefter i ein bil; di fleire du har, di raskare kan du køyra forbi campingvogna framføre deg. Har du ein eldre sentralstøvsugar, er han truleg endå sterkare enn 2400 watt. Slik kan vi ikkje ha det lenger.

Førre veke kom det fram i norske medium at EU frå 1. september, altso frå komande sundag av, har lagt ned forbod mot støvsugarar som er sterkare enn 1600 watt. Dette vedtok EU alt i september 2013. Og sidan vi altso er ein del av EUs indre marknad og difor ikkje kan tillata at norske verksemder sel varer som verksemder i EU ikkje får selja, so vert ogso dette støvsugardirektivet, rett nok litt forseina, ein del av norsk lov.

LES OGSÅ:Må endre definisjonen av normalt vêr

Økodesign no!
Kva konsekvensar får so dette utover at det i framtida vil taka lenger tid å støvsuga, og at vi soleis vil måtta bruka lengre tid på å bruka den same straummengda? Den eine har dei som har kjøpt støvsugarar i det siste alt oppdaga, dei største og sterkaste støvsugarane, særleg sentralstøvsugarar er på sal; aldri har støvsugarar vore billegare i Noreg. Den andre er at støvsugarprodusentane no må laga meir effektive motorar. Denne effekten har vi sett lenge mellom europeiske bilprodusentar; i takt med at bensin har vorte stadig dyrare, har bilprodusentane fått stadig meir effekt ut av stadig mindre motorar (rett nok kan det verta vanskeleg i støvsugarindustrien sidan motorane der er svært enkle og dimed har lite å henta av ekstrakrefter).

Dei som har fylgt med litt, veit at denne politikken ikkje er ny. I fjor kom det forbod mot hjørnekjøleskåp, som igjen er eit direkte resultat av eit EU-direktiv om økodesign frå 2008. Tre norske produsentar fekk i mai i fjor dimed melding om at dei måtte slutta å laga slike kjøleskåp. Effekten av dette forbodet er at folk som har trong for store kjøleskåp, no kjøper to i staden for eitt. Dei som har litt ekstrapengar og byggjer nytt eller pussar opp, har rett nok eit anna alternativ, dei kan byggja seg kjølerom, altso eit rom med dør og som du kan stiga inn i. EU la nemleg ikkje ned forbod mot kjølerom.

LES OGSÅ:Gamle mobilar gull verd

Mindre kol
Kva er so det overordna målet med desse forboda? Jau, det er å få ned straumbruken i EU, for slik å få ned forbruket av kol. No tenkjer vel ein del at det hadde vore betre å gjera det dei fleste landa i Europa har gjort med bensin, nemleg å skattleggja kol stadig hardare for slik å få den same effekten for kraftverk som med bilar og bensin: friviljug overgang til teknologi som brukar mindre straum. Men nei, det går ikkje, for EU har ikkje makt over den konkrete fiskale politikken til dei ulike landa. Skatte- og avgiftspolitikken ligg framleis hjå dei einskilde nasjonale parlamenta. Difor forbod. (EU kan teknisk sett leggja ned forbod mot store bilmotorar, men det vågar dei ikkje sidan Tyskland har Mercedes og BMW.)

Men kor mykje sparer ein so på å leggja ned forbod mot hjørnekjøleskåp? Vel, eit vanleg familiekjøleskåp i ein vanleg einebustad, seier ENOVA, nyttar 500 kWh i året. For tida er prisen på kWh om lag 30 øre. Om vi seier at eit hjørnekjøleskåp nyttar dobbelt so mykje og ein familie som før ville ha kjøpt hjørnekjøleskåp ikkje i staden kjøper to, sparer eit hushald altso inn 150 kroner i året. Men dei gjer i grunnen ikkje det, for eit nytt kjøleskåp som er AA+ nyttar berre 177 kWh per år, og eit nytt hjørnekjøleskåp nyttar dimed rundt 350 kWh i året, som er mindre enn eit vanleg gjennomsnittskjøleskåp som har vart nokre år.

I alle høve, forbodet mot hjørnekjøleskåp sparer altso inn rundt 50 kroner i året i straumforbruk. Men om vi legg til nettleige og avgifter og seier at 1 kWh samla sett kostar 80 øre, vert innsparinga ved å nytta 177 kWh per år på rundt 120 kroner ved å kjøpa eit nytt vanleg AA+-kjøleskåp framfor eit bruka AA+-hjørnekjøleskåp. Kva skal du so nytta den innsparde straumen til? Tja, du kan kjøpa ein smarttelefon, som med all støtteinfrastruktur, serverar og slikt, nyttar mest like mykje som eit nytt kjøleskåp.

LES OGSÅ:Kan ein telefon endre verda?

Spar 26 kroner
So støvsugaren. Om du nyttar ein støvsugar på 2400 Watt ein halvtime i veka, brukar du om lag 1 kWh, altso 52 kWh i året, som med ein samla pris på 80 øre per kWh vert 42 kroner. Går du ned til ein på 1200 Watt, sparer du med andre ord 21 kroner, og går du vidare ned til 900 Watts-støvsugar, som vert grensa frå 2017, sparer du ytterlege 25 prosent, so då vert innsparinga 26 kroner. Ikkje bruk opp alt på ein gong!

Elles er ikkje heile denne innsparinga reell, sidan du må nytta lengre tid på å støvsuga med ein svakare motor. Her vil nokre peika på at støvsugarane no har kraftigare motor enn for ein generasjon sidan og vi dimed godt kan gå ned i styrke. Vel, den auka styrken har kome grunna dei sokalla EPA-filtra, som har vorte installerte for å få bort små partiklar i lufta for slik å gje folk med astma og allergi betre inneklima. Fjernar ein desse filtra, treng ikkje støvsuginga taka lengre tid.

Men ja, vi kan gje EU og dimed norske styremakter dette: Forbod og krav hjelper. Kjøleskåp nyttar som vi har sett mykje mindre straum enn før, støvsugarar kjem til å nytta mindre i framtida. Det triste er at det monar so utruleg lite. Norske hushald har verdas reinaste kraftforbruk, berre 15 prosent av energien går med til elektriske apparat som PC-ar og kvite- og brunevarer. Då talar vi faktisk ikkje om prosent av samla norske utslepp, men promillar. Norske hushald sleppte i 2012 ut 450.000 tonn CO2. Dei samla norske utsleppa var på 52 millionar tonn, seier SSB. Hushaldsapparata, om vi tek i, stod for maksimalt 70.000 tonn av desse 52 millionane med CO2, eller om lag 0,13 promille (truleg er talet mykje mindre sidan nesten all norsk straum er fornyeleg).

LES OGSÅ: – Fornybart er ikkje berre reinliva

Tesla
So til det lokalt norske. Tesla er vorten Noregs mest populære bil, naturleg nok sidan skatte- og avgiftsfritaket ved kjøp er minst 750.000 kroner. Dimed har Noreg vorte den største marknaden for Tesla internasjonalt. For ingen andre land er i nærleiken av å gje elektriske bilar slike føremoner som Noreg. Ein Tesla er å samanlikna med ein Mercedes 500 sec som kostar 2,2 millionar i Noreg; den dyraste Teslaen kostar knapt 700.000 kroner.

Ja, so bra er visst nok Tesla for miljøet at Arbeidarpartiet gav ein Jens Stoltenberg som takk for innsatsen som statsminister. So er det berre det at Tesla ikkje er bra for miljøet. Ein Tesla, skriv den nøytrale amerikanske forskingsinstitusjonen Climate Central, er ekstremt CO2-intensiv i produksjon. «Utslepp frå produksjon av batteri og andre elektriske komponentar i elektriske bilar skaper ein karbongjeld på 4500 til 18.000 kilo (Tesla) som berre kan betalast attende ved å køyra ti tusenvis, ja til og med hundretusenvis av miles på lading frå reine energikjelder.» I tillegg kjem den vanlege produksjonen, som gjeld for alle bilar, men som for Tesla er ekstra høg sidan han veg 2,1 tonn, medan ein vanleg bil no er nede i 1400 kilo. Dei samla utsleppa frå ein gjennomsnittsnordmann, fly, mat og alt, per år er 5,7 tonn. Og ein liten el-bil nyttar den same teknologien som ein stor.

Vel, vil nokon seia no, det er viktig å stimulera til teknologiutvikling og difor er det bra at vi subsidierer Tesla-fabrikken i USA. Tja, ein Tesla har gjennom «livet» truleg fire gonger so høge utslepp som ein Mitsubishi i-Miew, som brukar om lag 1000 kroner i året på å køyra 15.000 kilometer, medan ein Tesla nyttar nær 4000 kroner. Ein liten el-bil frå Mitsubishi kostar om lag det same som ein liten Polo; ein tilsvarande Mercedes som ein Tesla kostar altso 2,2 millionar.
So der er vi. Vi legg ned forbod mot støvsugarar som ikkje har noko å seia i miljøsamanheng og subsidierer ein el-bil som slepper ut 18 tonn med CO2 berre i batteriproduksjonen.
Med atterhald om reknefeil var denne soga slutt.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist