Her er noko heilt feil

Ivar Aasen-tunet har gløymt å oppdatere adresselistene sine. Resultatet vart vittig.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart ført publisert i Møre-Nytt

Då Ivar Aasen-tunet skulle sende ut brev til sentrale politikarar for litt sidan, skar det seg.

Breva til Erna Solberg, Jan Tore Sanner, Bent Høie og Siv Jensen vart nemleg adressert til Stortinget. Dei som følger litt med i politikken, veit at dei fire sa frå seg stortingsplassane sine for å gå i regjering i fjor haust.

LES OGSÅ:Kranglar om kjøtet

Ivar Aasen-tunet la like godt bildet av posten dei fekk i retur ut på Facebook med følgande tekst:

"Vi har fått post i retur frå Stortinget. Ser at vi har gløymt å oppdatere adresselistene våre på eit sentralt punkt, men litt vittig er dette uansett."

Men mange har nok vanskeleg for å tru at dei fire er "ukjent", som Posten skreiv før dei sende breva i retur til Ørsta.

LES OGSÅ: Stiller bistandsultimatum