Stiller bistandsultimatum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF og Venstre stiller ultimatum

I fjor kutta Frp og Høgre i bistandsbudsjettet, og sentrumspartia måtte etterpå kjempa innbitne for å få på plass igjen at Norge gir éin prosent av bruttonasjonalprodukt i bistand. I år er det uaktuelt for Venstre og KrF å diskutera éinprosentkravet, skriv Dagsavisen.

LES OGSÅ: Færre land skal få norsk bistand

Sandberg imot
– Venstre og KrF er ikkje med på samtalar om budsjett om det ikkje blir det beste bistandsbudsjettet gjennom tidene, varslar Hareide.

Men det kan koma skjær i sjøen. Nestleiar i Frp Per Sandberg sa sist veke til Vårt Land at éin-prosenten til bistand ikkje er heilag og at talet på mottakarland skal reduserast.

– No er det vel ikkje Sandberg vi skal forhandla med, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande. (©NPK)

LES OGSÅ: Framleis éin prosent i bistand