Må klaga for å få nynorskbøker

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år har Målungdommen fått inn ei konkret klage på manglande skulebøker på nynorsk. Den kom frå Bendik Hallstensen.

– Då eg fortalde kontaktlæraren min at eg ville ha lærebøkene på nynorsk, var det første han gjorde å le, seier Hallstensen.

17-åringen går på Akademiet VGS i Oslo, og har nynorsk som hovudmål. Det var i ein norsktime han spurde etter lærebøker på nynorsk, men det var eit problem i alle faga.

– Han sa eg måtte ha dei same bøkene som alle andre. Eg prøvde meg med å seia eg hadde krav på lærebøker på mitt hovudmål, men han trudde endå ikkje på meg, held Hallstensen fram.

Saka løyste seg då Hallstensen gjekk til rektor, som meinte det var ei sjølvfølgje at han skulle få det han hadde krav på.

– Eg tykkjer likevel ikkje det skal vera naudsynt å spørja om å få nynorskbøker. Dette burde ha vore klart ved skulestart. No må eg venta kanskje ein månad på bøkene.

LES OGSÅ: Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar

Ordna seg fort
Læraren til Hallstensen forklarar til Framtida at det var snakk om ei misforståing. Han trudde at Hallstensen sikta til ei bok som er fellesspråkleg. Dagen etter at Hallstensen klaga, fekk han beskjed om at han skulle få lærebøkene sine snarast råd.

Rektor ved Akademiet VGS i Oslo forklarar at det er sjeldan kost at dei får førespurnader om nynorske lærebøker på skulen. Men likevel skal dei følga lova.

– Me kjenner lovverket sitt krav om læremiddel på eleven sin mål målform og skaffar sjølvsagt det om elevane ønskjer det. Eg er stolt av arbeidet lærarane våre gjer både for nynorsk og bokmål, og det er både leit og feil dersom det blir skapt eit inntrykk av at me er negative til nynorsk eller på nokon måte ikkje tek nynorsk alvorleg som skriftspråk og skulefag.

LES OGSÅ: Difor skriv dei «skole» i skulebøkene

Alvorleg overtramp
– Det er ikkje første gong me har hatt slike saker, seier Kristofer Olei Ravn Stavseng, nestleiar i Målungdommen. Han meiner det er eit alvorleg overtramp.

– Det er nok mange skuleleiarar og lærarar som ikkje er klar over lovverket. Difor blir lova broten, seier Stavseng.
Ifølge Opplæringslova §9-4, som gjeld for grunnskulen og vidaregåande opplæring, kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som finst både på bokmål og nynorsk til same tid og pris.

Det er ei eiga lov for privatskular, som ikkje nevner målformene spesifikt, men som på dei aller fleste punkt gir elevar same rettar som Opplæringslova, blant anna når det kjem til lærebøker og læremiddel.

LES OGSÅ: – Det har gått prestisje i lærarstreiken

Mørketal
Også Elevorganisasjonen får inn klager. Dei trur det er mange fleire som ikkje får bøkene dei har krav på, men som let vera å klaga.

– Me har inntrykk av at det er fleire som ikkje veit korleis dei skal klaga på det, eller som tykkjer det er for tungvint. Då bit dei heller i det sure eplet og let det gå, seier Benjamin Myrstad, leiar i Elevorganisasjonen.

Målungdommen deler denne oppfatninga.

– Mange nynorskbrukarar har ikkje lyst til å vera til bry, og vil difor ikkje følga opp saka. Det er grunn til å tru det er ein del mørketal, seier Stavseng i Målungdommen.

LES OGSÅ: Lærar stal frå Auschwitz

Vegen å gå
Dersom du ikkje får skulebøkene du har krav på, er rådet frå både Målungdommen og Elevorganisasjonen enkelt – sei ifrå!

– Det skal vera nok å seia ifrå til læraren eller bibliotekaren om kva språk ein vil ha bøkene på. Internt i skuleverket kan ein klaga til skuleleiinga eller elevrådet. Nokre fylke har óg elevombod. Utanom kan ein gå til Elevorganisasjonen eller oss, seier Stavsengi Målungdommen.