– Det har gått prestisje i lærarstreiken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prestisje i lærarstreiken

Saka vart først publisert hos Møre-Nytt

Professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug, følgjer nøye med lærarstreiken. Den starta 1. juli. Då vart 33 lærarar tekne ut i streik. I dag er talet over 7.800, og partane er fastlåst.

– Ser vi på utviklinga over tid, så ser vi at lærarane har vorte pressa ganske mykje. Eg synest ikkje at KS har vist seg som ein enkel motpart. Dei er ganske steile, kommenterer Haug.

LES OGSÅ: Ein av fem elevar føler seg krenkte

Arbeidstid
Noko av det som gjer streiken ekstra vanskeleg er at det ikkje er eit spørsmål om pengar, men eit spørsmål om arbeidstida til lærarane. KS ønskjer å binde meir av arbeidstida til lærarane til skulen.

– Eg kan jo samanlikne med meg sjølv. Dei siste to dagane har eg undervist i til saman ti timar. Når eg har undervist seks timar ein dag og fire timar ein dag er eg gåen og heilt ferdig i hovudet, seier Haug.

Han konstaterer at det då kan vere problematisk å setje seg ned på kontoret for å jobbe vidare med andre ting.

– Det er noko av problematikken som reiser seg her. Når er du fysisk og psykisk i stand til å gjere det du skal etter å ha undervist så mykje som lærarar flest gjer? Og der eg har eige kontor og får sitje i fred, har lærarane heilt andre arbeidsforhold.

LES OGSÅ: Norske studentar tør ikkje seia frå

Samarbeid
På den andre sida, seier Haug, er det uomtvisteleg slik at skal skulen verte god, må lærarane og skuleleiinga samarbeide og utvikle skulen saman.

– Så behovet for at lærarane er til stades når det skal samarbeidast er stort. Spørsmålet vert då kor mykje lærarane må vere der for å skape eit godt samarbeid. Og svaret har ingen.

Der gårsdagens skule lot lærarane drive «privatpraksis», er dagens skule bygd opp på ein annan måte.

– Og skal skulen fungere må dei som spelar på laget samarbeide. Dei kan ikkje sparke ballen i kvar sine retningar. Når samarbeidet fungerer vert skulen også betre for elevane.

Prestisje
No meiner Haug at det har gått prestisje i saka.

– Utan tvil. Det er det som er så fortvila. Og det går jo utover ein tredje part; elevane og foreldra. Det er dei som betalar prisen. Kommunane sparer pengar. Dei slepp å betale løn.

Peder Haug trur det vil verte vanskeleg å finne ei løysing på streiken.

– Eg ser det ikkje føre meg. Og ordbruken er i ferd med å verte krass. Kanskje vil det mest fornuftige vere å stille klokka på null og så starte ein prosess der dei prøver å kome fram til nye avtalar utan å knyte det opp mot arbeidstidsavtalar og streik.

LES OGSÅ: Meiningslaust, urettferdig og dyrt

Trasig
Tvungen lønsnemnd og inngripen frå styresmaktene har han ikkje tru på. Då skal det handle om liv og helse. Haug kjenner også til ein liknande situasjon frå Danmark i fjor. Der gjekk arbeidsgivaren til lockout, noko som hindrar tilsette i å jobbe, i motsetnad til ein streik der dei tilsette nektar å jobbe.

– Om det vert løysinga her anar eg ikkje, men det vil vere trasig om det vert det. Då vil relasjonane verte enno verre.

Ingen skular på Sunnmøre er førebels råka av streiken.

LES OGSÅ: – Ekstra studieår gir 10 prosent høgare lønn