Ein av fem elevar føler seg krenkte

Ein av fem elevar opplever jamleg krenkingar som negative kommentarar eller å bli haldne utanfor. 

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av fem føler seg krenkte

– Ved starten av eit nytt skuleår er det ekstra viktig at elevar og lærarar samarbeider for å etablere eit godt læringsmiljø, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Over 400.000 elevar frå 5. trinn til 3. klasse på vidaregåande skule har svart på spørsmåla i Elevundersøkelsen 2013. Undersøkinga gir eit bilete av korleis norske elevar trivst på skulen.

LES OGSÅ: Her trivst elevane aller best

– Nærmare 90 prosent av elevane oppgir at dei trivst godt eller svært godt på skulen. Det er gledeleg. Men mange elevar rapporterer om negative opplevingar, som å bli gjort narr av eller å bli haldne utanfor. Det må vi ta på alvor, seier kunnskapsministeren i ei pressemelding.

Over 20 prosent av elevane har opplevd krenkingar to til tre gonger i månaden eller meir. Dette er mykje meir enn delen elevar som oppgir at dei blir mobba (4,2 prosent). Forskarane meiner dette kan tyde på at elevane skil mellom det å oppleve krenkingar og det å bli mobba.

– Elevundersøkinga er det beste verktøyet vi har for å følge med på korleis elevane opplever skulekvardagen sin. Når 1 av 5 elevar blir haldne utanfor, erta eller får negative kommentarar om utsjånaden, så er dette ein ukultur skulane må ta tak i sjølv om elevane ikkje definerer det som mobbing, understrekar Røe Isaksen.

Han meiner det er viktig å vere spesielt merksam på mobbing og krenkingar no ved skulestart.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett