Norske studentar tør ikkje seia frå

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Universitas

– Dei fleste som kontaktar meg, melder ikkje frå vidare, seier studentombod ved Universitetet i Oslo (UiO), Marianne Rustberggard.

Sju prosent av landets studentar seier dei har late vera å varsla om meir eller mindre alvorlege forhold ved studiet sitt, fordi dei frykta represaliar. Talet tilsvarar nesten 19 000 norske studentar. Det viser ei undersøking Sentio har utført på oppdrag frå Universitas og Norsk studentorganisasjon (NSO).

Frå grunnlaust til alvorleg
Rustberggard stadfestar at studentane ho møter fryktar ei eller anna form for gjengjelding.

– Det mest nærliggjande er å frykta at det skal gå ut over vurderinga av deira faglege prestasjonar, eller at det skal bli ubehageleg på andre måtar, seier ho.

LES OGSÅ: Vil gjere det tryggare å sei ifrå

Rustberggard meiner redsla i somme tilfelle er grunnlaus, til dømes når studentar er redde for heilt rutinemessige ting som å klaga på karakterar. I andre tilfelle har ho større forståing for frykta, utan at ho vil gå inn i einskildsaker.

– Eg møter òg studentar som let vera å varsla om det som kan sorterast under kritikkverdige forhold, seier ho.

Stryk på kvalitetssikring
Før sommaren ga Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) stryk for kvalitetssikringsordninga deira. Ifylje rapporten manglar det systematisk arbeid med kvalitet og forankring av ordninga opp mot høgskulens styre og leiing.

Ordninga skal syrgje for at både positive og negative tilbakemeldingar frå studentane får innverknad på den vidare utviklinga av utdanningane.

LES OGSÅ: Tala då resten var stille

Myter og usikkerheit
Prorektor for utdanning ved HiOA, Olgunn Ransedokken, meiner redsla for represaliar må takast på alvor.

– Om resultatet frå undersøkinga stemmer, er det veldig alvorleg. Og det må me prøva å følgja opp. Me som koordinerer kvalitetssikringsordninga jobbar med å utvikla eit sei-frå-system på HiOA, liknande det dei har på UiO og NTNU i Trondheim, seier ho.

– Har studentane noko å frykta dersom dei melder frå om noko?

– Eg trur dette er myter og har å gjera med usikkerheit kring kva som er ei sak å ta opp. Men om ein student har kjent på at dette er reelt, er det ein for mykje, seier Ransedokken.

Neste år vil også HiOA få eit eige studentombod, og Ransedokken trur det vil bidra til å betra kvalitetssikringssystemet ved høgskulen.

Auka pågang
Hjå studentombod Rustbergaard ved UiO er pågangen aukande.
– Første halvår i år har pågangen auka med 80 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det har nok med å gjera at tilbodet har vorte meir kjend, seier Rustberggaard, som ser fram til å få ein ombodskollega på HiOA.
– At eg i all hovudsak jobbar åleine, gjer nettverk og kontakten med andre ombod viktig. Eg håpar eg kan inspirera med mine erfaringar, og verta inspirert av andre sine refleksjonar, seier ho.

LES OGSÅ: Kvifor vil skottane ut av Storbritannia?

Vil vera anonyme
I fjor oppretta UiO eit varslingssystem der studentar kan melda frå om kritikkverdige forhold av ulik karakter på nett. For mange er det kravet om at dei må oppgje fullt namn når dei varslar, som gjer at dei let det vera.

– I personkonfliktar vil den det vert varsla om, få vita kven som har varsla og kva det gjeld. Å få denne informasjonen er òg ein rett, og eg vil ikkje kritisera det, seier studentombodet.

Om studentane tillét det, kan Rustberggaard ta meldingar vidare anonymt på deira vegne. Om ikkje lagrar ho informasjonen og varslar meir generelt dersom fleire melder frå om liknande forhold.

Studentparlamentsleiar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Tord Øverland, ser òg at kravet om å klaga med fullt namn er ei utfordring for mange, særleg i små fagmiljlø.

– Me synest det er viktig at studentane får høve til å vera anonyme, seier han.

Institusjonane har ansvaret
Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Anders Kvernmo Langset, meinar det skal vera trygt for studentar å varsla om alt dei opplever som problematisk ved studiesituasjonen.

– Det er institusjonane sitt ansvar at det er slik, seier han.

Langset meiner undersøkinga viser behovet for å ha ein objektiv uhilda person studentane kan gå til, til dømes eit studentombod eller ein mentor.
Sentio-undersøkinga viser elles visse skilnader mellom studentane når det gjeld kor redde dei er for å varsla. Dei eldste studentane, høgskulastudentar, studentar på Sørlandet og dei som røystar på KrF, er dei som oftast lar være å varsle.

LES OGSÅ: Kan ein læra engelsk av geografilæraren?