Språkoppstramming i Hareid

Kommunalsjef Oddbjørn Grimstad i Hareid har utarbeidt eit framlegg til «Målbruksplan» for Hareid kommune.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målet er å stramme opp språkbruken og gjere han så god, enkel, klar og variert som råd. Språkbruken skal vere festa i dialekten, som igjen er ein viktig del av kulturarven.

LES OGSÅ: Rapport: Elevar må retta på nynorsken til læraren

Særleg viktig i barnehagar og skular
Tekstutkastet peiker på at mykje av grunnlaget for talemålet til borna vert lagt i barnehagane og skulane – og at det er viktig med språkmedvitne medarbeidarar på desse stadene.

– Særleg er åra i barnehagen og dei første skuleåra grunnleggjande. Nynorsk og dialekt må nyttast i størst mogleg utstrekning i songar, opplesing, leikar og anna, heiter det.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Mindre passivt, meir aktivt
Språket i kommuneadministrasjonen får også ei gjesting:

«Her merkar vi oss som særleg viktig at medarbeidarane blir oppmuntra til å bruke ein aktiv – og ikkje passiv – setningsbygnad i dei ulike dokumenta som kommunen utformar».

Som døme nemner utkastet at vi bør skrive «ordføraren tok saka opp til avrøysting» – og ikkje «saka vart teken opp til avrøysting av ordføraren».

I staden for det skrive «rådmannen er på sitt kontor» bør det heller heite «rådmannen er på kontoret sitt», som er i pakt med daglegtalen.

Det blir også terpa på å bruke bunden form – ”det vedtekne budsjettet” – i staden for ubunden form: ”det vedtekne budsjett”.

Det blir også tipsa om å bruke dei personlege formene ”vi/me” i staden for den upersonlege forma ”ein”.

Så langt det let seg gjere bør kommunen sine tilsette nytte norske ord i staden for framand-ord, der det let seg gjere.

LES OGSÅ: – Bruk engelsk i norsktimen

Kurs og rettleiing
Mellom fleire tiltakspunkt nemner vi at ”målbruksplanen” vil at alle kommunetilsette skal få tilbod om kurs og rettleiing i nynorsk språkbruk.

For saksbehandlarane bør slike kurs vere obligatoriske.

På alle kontor i kommunen skal det elles vere nynorsk ordliste og fornorskingsordbok av nyare dato.

Kommunen skal også syte for at alle skjema, blankettar, kvitteringshefte o.l. som vert brukte i kommunen, er på nynorsk. Alt skriftleg tilfang som vert nytta i skulen og i barnehagar skal vere på nynorsk så langt råd er.

Neste steg er at politikarane skal uttale seg om planutkastet.

LES OGSÅ: – Greitt å skriva dårleg nynorsk