Grøn Ungdom i Tromsø har tilsynelatande ikkje skjønt opptaksordninga til høgare utdanning i Noreg. Dei har heller ikkje skjønt kva alderspoeng gjer for opptaket.

Peder Gjerstad, leiar i Møre og Romsdal Unge Høyre
Peder Gjerstad, leiar i Møre og Romsdal Unge Høyre

11. august skreiv Grøn Ungdom eit innlegg på Framtida, kor dei kjem med grunnlause anklagar mot Unge Høgre, og tillegg oss meiningar vi ikkje har.

LES OGSÅ: Ja til alderspoeng!

Kvalifikasjon skal vera viktig
Lat oss først slå fast at det er eit begrensa tal på studieplassar, og at talet på søkjarar til studieplassane som regel er høgare enn talet på studieplassar. Ein kan like det eller ikkje, men det gjer at vi på ein eller annan måte er nøydde til å prioritere elevane etter noko. Lat det vere alder, kjønn, nasjonalitet eller lærelyst. Eller kvalifikasjonar, som i praksis tyder karakterar frå VGS. I dag nyttar vi innslag av fleire av desse. Unge Høgre meiner det hovudsakleg skal vere kvalifikasjonar som skal vere utslagsgjevande i opptaket.

Den første store feilen Grøn Ungdom gjer, er å tru at alderspoeng gjev fleire personar moglegheita til å studere. Det einaste alderspoenga kan gjere er å ta ein studieplass frå ein person til ein annan. Satt på spissen tek alderspoeng studieplassen til ein elles betre kvalifisert ungdom, og gjev han til ein mindre kvalifisert student i kraft av at han er eldre.

Det er problematisk av fleire grunnar. For det første fører det til at det blir inflasjon i skulepoenga, og dermed poenggrensene. Det er fordi alle under 22 år søkjer både i kvota for ordinær- og for førstegongsvitnemål. Men sidan plassane i ordinærkvota i stor grad blir opptekne av kandidatar med alderspoeng, er studieplassane som er realistisk å oppnå for ein førstegongssøkjar i realiteten mykje færre. Færre studieplassar og like stor søkjarmasse fører til at karakterkravet, også for førstegongssøkjarar, skyt i vêret.

LES OGSÅ: Det skumle ved å bli vaksen

Betyr ikkje innsats noko?
I praksis tyder det at personar som i dag er avhengig av å vente på studiepoeng for å kome inn på eit studium, eigentleg hadde kome inn med ein gong, dersom det ikkje var for ordninga med alderspoeng. Ungdom blir tvinga til å utsetje utdanninga si, fordi “alle” er avhengige av alderspoeng.

For det andre har Grøn Ungdom rett når dei skriv at det er slitsamt å gå på vidaregåande. Men dersom det ein legg inn av innsats på vidaregåande ikkje skal bety noko for opptaket til høgare utdanning, kva skal då motivere elevar til å gjere lekser og prestere det vetle ekstra?

LES OGSÅ: Nei til karakterar i barneskulen!

Må venta med jobb
Til slutt; det er problematisk i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Perspektivmeldinga slår fast at dersom vi held fram som i dag, vil velferdsstaten i framtida gå med store underskot. Det viktigaste tiltaket vi kan gjere, er at vi nordmenn er i arbeid ein større del av livet. Likevel har vi eit opptakssystem som oppmodar om noko anna; at ungdom må bruke fleire år enn naudsynt på å bli ferdig med utdanninga før ein kjem ut i arbeidslivet.

Alderspoengsordninga et dermed opp vår framtidige velferd. Vil Grøn Ungdom betala prisen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE