Noregs Mållag krev at nynorskkompetansen til lærarane blir synleg og at norsk blir obligatorisk for alle lærarskulestudentar.

mm

I ein fersk rapportgår det fram at det er store variasjonar mellom lærarutdanningane i korleis dei vurderer norskkompetansen hos studentane. Vurderingsformene for bokmål og nynorsk er som regel ulike for grunnskulelærarstudentane. Bokmål blir i hovudsak nytta på skuleeksamen og nynorsk på heimeeksamen eller liknande.

Rapporten viser òg at det er stor uvisse om korleis kompetansen i nynorsk og bokmål skal gå fram av vitnemålet.

LES SAKA:Skulen gjer lite for å hindra målbyte

Elevar rettar på lærarane

Funna frå skulen syner at nynorskelevane meiner dei lærarane som ikkje har nynorsk som hovudmål er for dårlege og at elevane sjølv må rette på dei.

– Manglande kompetanse og omfanget av bokmål er hovudkonklusjonen i rapporten. Ingen meiner det er deira ansvar å læra elvane og studentane nynorsk. Og dokumentasjonskravet er ved mange institusjonar for dårleg og gjer det vanskeleg for skulane å tilsetja lærarar med god nynorskkompetanse, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

– Negativ sirkel

– I randsonene vert dette ein negativ sirkel, kombinert med manglande rettar for nynorskelevane som gjer at det er berre dei alle mest medvitne som klarar å halda på nynorsken i eit hav av bokmål, seier Marit Aakre Tennø.

Mållaget meiner det må stillast klåre krav til nynorskkompetansen og at den må synast på vitnemålet. For å sikre at alle kan undervise i nynorsk må lærarutdanninga for dei som skal undervisa 5. – 10 utdaninga få attende norsk som obligatorisk fag.

LES OGSÅ:Frå jamstelling til språksikring

Vil ha ro om lærarutdanningane

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Bjørn Haugstad (H) seier dette til Framtida.no om kravet frå Mållaget om obligatoriske norsk for lærarutdanninga i storskulen:

– No har det vore ganske mange omleggingar i lærarutdanninga dei siste åra. Det har vore grunnar til dette. Skal me dyrka kvaliteten me vil ha, må utdanningane få ro, og ikkje få fleire endringar enn dei mest nødvendige. Så får me sjå om det er plass til nokre endringar til nokre endringar seinare.

LES OGSÅ: – Innfør språkdelte klassar i ungdomsskulen

– Må til større endringar

Karl Peder Mork, leiar i Norsk Målungdom, meiner rapporten viser at det skal større endringar til for å hindra målbyte.

– Folk må sjå nynorsk fleire stader enn i lokalavisa si. Nynorskforbodet i Dagbladet og VG må opphevast. Staten bør krevja så pass av dei som får pressestøtte. Staten bør òg krevja av NRK at dei held seg til kravet om minst 25 prosent nynorsk i kanalane deira.

– Språk er vane. Det språket ein bruker, blir påverka av det ein ser rundt seg. Dette kan vera ei forklaring på kvifor fleire av dei som blei intervjua opplever nynorsk som kunstig.

Når det gjeld skulane, så meiner Mork at fleire av skulane med bokmål som hovudmål, burde bruka nynorsk i andre fag som samfunnsfag og naturfag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

ANNONSE