– Innfør språkdelte klassar i ungdomsskulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil språkdela ungdomsskuleelevar

Bakgrunnen for kravet er ein fersk rapport som Proba samfunnsanalyse har laga for Utdanningsdirektoratet, der det går fram av mange av elevane som byter målform frå nynorsk til bokmål, går i klasser der nynorskelevane er i mindretal i klassen. Det er det typiske for ungdomsskuleelevar i randsonene for nynorsk, der målbytet til bokmål er størst.

– Dess mindre mindretalet er, dess større blir sjansane for at nynorskelevane byter til bokmål. Skulane gjer samtidig lite for å motverke mindretalskjensla, seier leiaren i Mållaget, Marit Aakre Tennø.

– Rapporten «Undersøkelse av nynorsk som hovedmål» viser enda ein gong at nynorskelevane blir overlatne til seg sjølve, og at kompetansen og oppfølginga sviktar på alle nivå frå ungdomsskule til lærarutdanning, seier Tennø.

LES OGSÅ: Skulen gjer for lite for å hindra målbyte

Skuldar på bokmålsdominans
I intervjua forskarane gjorde med elevar som har bytt målform ved tre skular, peika elevane sjølve på at dei synest bokmål er lettare ettersom nesten alt dei les, er på bokmål. Bokmålsdominans på nær alle samfunnsarenaer gjer at dei blir flinkare i bokmål enn i nynorsk, heiter det i rapporten.

– Inntrykket vårt var at elevane sjølve reflekterte lite over at skulen kunne ha ei rolle i valet deira av målform. Elevane peika heller på den meir generelle bokmålsdominansen, seier prosjektleiar Pia Dybvik Staalesen i Proba samfunnsanalyse om funna dei har gjort.

Men forskarane fann òg at nynorskelevane opplever negative haldningar til nynorsk hos medelevane, og at skulane gjer lite for å styrkje nynorsken ved skulen eller leggje til rette undervisning for nynorskelevane.

LES OGSÅ: Slutt på nynorskklasse i Stavanger

– Innfør språkdelte klassar
Marit Aakre Tennø meiner skulen kan gjere mykje for å demme opp for nynorskflukta. Eit enkelt grep kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) kan ty til, er å innføre høve til språkdelte klassar på ungdomstrinnet, meiner ho.

– Lat elevane i ungdomsskulen ha dei same rettane til å gå i eigen klasse i ungdomsskulen som i barneskulen, så langt det er råd. Om dei ikkje er mange nok til ein heil klasse, må ein samle nynorskelevane i same klassen, seier Tennø.

Mållagsleiaren meiner òg at kunnskapsministeren må ta tak i nynorskopplæringa ved lærarutdanningane. Av rapporten går det fram at det er store variasjonar mellom lærarutdanningane i korleis dei vurderer norskkompetansen hos studentane, og at det er stor uvisse om korleis kompetansen i nynorsk og bokmål skal gå fram av vitnemålet.

– Lærarutdanningane må gi betre opplæring i nynorsk, og nynorskkompetansen må komme klart til uttrykk på vitnemålet, krev Tennø. (©NPK)