Kva skjer med norsken, om ein tek engelsk inn i fleire fag? spør professor Øystein A. Vangsnes.

To vidaregåande skular i Hordaland har søkt om ei prøveordning med undervisa ein del fag på engelsk, melder Bergens Tidende 8. august i år. Knarvik vidaregåande skule vil prøva dette ut i historieundervisninga medan Nordahl Grieg videregående skole i Bergen vil gjera det i samfunnsfag, geografi og naturfag. Tanken er at læremidla skal vera på engelsk og all undervisning likeeins. All kommunikasjon mellom lærar og elev skal føregå på engelsk. Dette skal gi elevane meir trening i engelsk og dei vil særleg få tilegna seg eit utvida ordforråd.

Tanken er ikkje dum. Og han er i alle fall godt meint! Faktisk og praktisk bruk er ein god måte å læra språk på. Men det finst innvendingar. Korleis skal det gå med norskkunnskapane?

Gabriel Fliflet er uroa for dette. I eit debattinnlegg i BT 13. august held han fram dels at elevane ikkje får tilegna seg viktig norsk ordforråd i dei faga det gjeld, og dels at ordninga på sikt vil føra til ei nedvurdering – devaluering – av norsk som fagspråk. Leiaren i Bergen Mållag, Nils Mæhle, har ein liknande kommentar i same avis 15. august, og peiker på at engelsk meir og meir erstattar norsk som fag- og vitskapsspråk innanfor høgare utdanning.

Desse innvendingane mot engelskforsøka er viktige. Ein er ikkje ferdig med å utvikla morsmålskompetansen i 16-18-årsalderen og vi treng nye generasjonar fagfolk som kan bidra til å utvikla norsk fagspråk på ein god måte – noko anna hadde vore for gale. Samtidig går det an å sjå engelskforsøka i Hordaland i eit meir positivt lys og ein kan òg komma med ønskjemål.

For vi som er vaksne i dag, må ta inn over oss at svært mange born og unge i dag har ein langt større kompetanse i engelsk enn då vi sjølve var på same alder. Særleg er den munnlege kompetansen høg. Ein stor del av vår tids tenåringar snakkar svært godt engelsk. Skulen har i veldig liten grad æra for dette: Hovudforklaringa ligg i den globaliserte medieverda der ungane orienterer seg ut i verda gjennom Internettet og der dei ser vel så mykje på YouTube og NetFlix som på norskspråklege fjernsynsprogram. Med det blir dei mykje meir eksponerte for engelsk enn tidlegare generasjonar.

Men språkkompetansen til dei unge er gjerne knytt til eit snevert univers: underhaldningsuniverset. Sjølv om einskilde sikkert òg følgjer faglege interesser på engelsk, gjeld det neppe det store fleirtalet. Om skulen då grip fat i den engelskkompetansen dei faktisk har, og fører han inn på eit fagleg spor, er det i utgangspunktet er ein svært god ting. Det handlar om byggja vidare ut det ungdommane allereie kan, det handlar om å fanga interessen deira og det handlar òg om å gjera dei betre rusta til å møta eit stadig meir internasjonalisert arbeids- og utdanningsliv.

Mitt forslag – og ønskje – er likevel at ein heller enn eit reint einspråkleg engelsk opplegg satsar på eit tospråkleg opplegg med både engelsk og norsk. For i vekslinga mellom to språk ligg dei kanskje viktigaste språklæringsgevinstane. Ein tospråkleg modell vil i sterkare grad løfta fram språktreninga og gjera det meir naudsynt med eksplisitt refleksjon omkring samband og skilnader mellom språka. Ein kunne då til dømes ha lærebøker på engelsk men la delar av undervisninga føregå på norsk. Ein kunne ha nokre innleveringar og prøver på engelsk og nokre på norsk og så vidare. 

Elevane ville med det måtta gjennomgå stoffet på ulike måtar – på to språk – og frå ein pedagogisk ståstad er det vanskeleg å sjå at det kan ha anna enn positive effektar. Og om elevane i andre enden kan skilta med utvikla fagterminologi på to språk framfor berre eitt, vil det vera eit reelt fortrinn for det tospråklege opplegget samanlikna med reine engelskspråklege utdanningar som International Baccalaureate og liknande.

Så svaret på spørsmålet i overskrifta er: Ja, sjølvsagt kan ein læra engelsk av geografilæraren. Men helst bør ein læra norsk samtidig. Og uansett bør læraren kunna sin geografi. På begge språka!

Innlegget var først publisert på forskning.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE