Opp til kvar skule kva elevane skal gjere

Elevar og foreldre må sjølve sjekke om elevane skal møte fram på skulen første skuledag viss skulen deira er i streik.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal elevane kome på skulen?

Verken Kunnskapsdepartementet, Utdanningsforbundet eller KS har oversikt over kva elevane på streikeskulane skal rette seg etter.

Dei fleste skulane i landet byrjar måndag i neste veke, men mange stader startar skulane allereie denne veka. Dette kan òg variere innanfor kvar kommune.

Det er likevel opp til kvar skule i kvar kommune å avgjere kva dei streikeramma skulane skal gjere, og om elevane må møte til den første skuledagen eller ikkje.

Presseansvarleg i Utdanningsforbundet, Nina Hulthin, seier til NTB at det er den skuleansvarlege i kvar kommune som avgjer om skulane skal stengje eller ikkje.

Timeplanar

I Stavanger er ti av elleve ungdomsskular tatt ut i streik, og på heimesidene til Stavanger kommune heiter det at skulane har undervisning som normalt der det er mogleg.

– Rektorane er ikkje i streik, og på kvar skule som blir ramma av streik, er det laga timeplanar for elevane, ettersom alle lærarar ikkje streikar, seier skulesjefen i Stavanger, Eli Gundersen, til NTB.

Ho seier at det blir opp til kvar enkelt skule om elevane skal samlast den første skuledagen, eller om timeplanane blir lagt ut på nett.

Noko undervisning

Det kan variere om elevar og føresette får informasjon direkte av klasseforstandarane, eller om elevane må inn på heimesidene til skulen for å finne ut om dei skal møte opp den første skuledagen eller ikkje.

Timeplanane skulane set opp, betyr at undervisninga går som normalt når det er mogleg.

Det kan for eksempel bety at elevane må møte til den tredje skuletimen ein dag for å få engelskundervisning av ein lærar som ikkje er i streik, mens dei andre dagar ikkje har undervisning i det heile. (©NPK)