Jenter som drikk mykje mobbar oftare

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse jentene mobbar mest

Alt tyder på at norsk ungdom drikk mindre enn før, men hjå våre finske naboar er alkoholkonsumet blant dei yngre framleis høgt. Finske forskarar meiner det er ein samanheng mellom alkoholkonsum og aggressiv åtferd, melder forsking.no.

LES OGSÅ: Færre ungdommar rusar seg

Same inntak for jenter og gutar
Funna kjem frå ei studie som tek for seg over 4000 ungdommar i alderen 13 til 18 år, og fokuserer på koplinga mellom psykososiale problem og alkoholinntak.

Seksti prosent av deltakarane meldte om at dei drakk alkohol.  Òg blant 15-åringane drakk over halvparten. Forskarane fann ikkje forskjell i alkoholinntak for jenter og gutar.

Det høge alkoholkonsumet overraska forskargruppa fråTampere Universitet og Päijät-Häme Sentralsjukehus.

Tidleg alkoholdebut kan hemme utviklinga av hjernen og aukar risikoen for avhengigheit og mentale helseproblem.

LES OGSÅ: Kule kidz taper

Aggressiv drikking
Resultata frå studien tydar på at ungdommar med stort sosialt nettverk drikk meir enn dei som er mindre sosiale. Dette kan koplast til funn om vennepress og at alkoholbruk kan auke status og popularitet i vennegjengen.

For dei med sosiale problem er alkoholkonsumet lågare, konstaterer forskarane i rapporten.

Undersøkinga synte òg ein samanheng mellom aggressivitet og drikking.

– Aggressiv oppførsel var assosiert med alkoholbruk og høgt alkoholinntak, medan internalisering av problem ikkje var assosiert med alkoholbruk, skriv forskarane.

Internalisering tyder her eit innadvendt reaksjonsmønster, som til dømes depresjon og angst.

LES OGSÅ: – Ungdom fortener betre råd

Kranglevorne jenter
Aggressiviteten handla ikkje om brutal vold, men ting som krangling, mobbing eller det å bryte reglar.

Men sjølv om forskinga syner ei kopling mellom aggressivitet og alkoholbruk, er det uklart kva som leier til kva.

Studien synte òg at den aggressive åtferda er meir utbredt blant jentene enn gutane.

– Funna set søkjelys på moglege åtferdsendringer hjå tenåringsjenter og sårbarheit når det gjeld sosial og kjenslemessig utvikling, seier professor Eila Laukkanen, overlege i ungdomspsykiatri ved Kuopio Universitetssjukehus, Austre Finland Universitet.

LES OGSÅ: Dette tredoblar fråfallsrisikoen

Skilsmissejenter drikk oftare
Røyking og konsentrasjonsvanskar er faktorar som auka sannsynlegheita for alkoholbruk. For jenter vart òg skilte foreldre og tidlig fyrste menstruasjon, linka til alkoholbruk.

No vil forskarane gå vidare å undersøkje effekten av stordrikking på hjernen.