Legar seier opp grunna samvit

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fastlegane Dag Sele og Ole-André Skalstad har begge sagt opp stillingane sine ved Bø legesenter. Nå har Bø kommune knappe fem månader på å få tilsett nye fastlegar. 

Denne saka stod først på trykk i Bø blad.

Dag Sele leverte si oppseiing av fastlegeavtala si med Bø kommune den 30. juni, og sa samtidig opp si tilsetting for kommunale legeoppgåver. Berre nokre få dagar etter, 4. juli, gjorde Ole-André Skalstad det same. 

Nei til samvitsgrunn
– Me har levert oppseiingane våre med tungt hjarte, men føler oss tvungne til dette sidan helse- og omsorgsdepartementet nå så klart seier at vår praksis med felleslister ved Bø legesenter ikkje er lovleg så lenge det er samvitsgrunnar som er årsak til oppgåvefordelinga mellom legane, seier Dag Sele i ein kommentar, og legg til at dei ikkje hadde noko anna val ettersom dei ikkje vil gjere noko ulovleg, men samtidig følgje samvitet sitt.

LES OGSÅ: – Synd at kvinnedagen er så raud

Kommune-nei vart vendepunkt
Bakgrunnen for saka er at dei to fastlegane reserverer seg mot å setje inn spiral hjå kvinner av samvitsgrunnar, og at denne oppgåva er løyst ved ei ordning ved bruk av felleslister for alle fastlegane ved legesenteret. Nå går altså departementet langt i å seie at ordninga ikkje er lovleg.

– Me kunne valgt å vente med oppseiingane til det kom ein endeleg konklusjon om felleslistepraksisen, men sidan me ikkje har hatt Bø kommune i ryggen såg me ingen grunn til å vente, seier Sele, og minner om at Bø kommunestyre har sagt at dei ikkje ønskjer verken reservasjonsadgang for tilvising til abort eller ei vidareføring av slik oppgåvefordeling som har vore praktisert i Bø.

LES OGSÅ: Tar til motmæle mot reservasjonsrett

– Det var på mange måtar kommunestyrevedtaket i april som vart vendepunktet for oss. Det gjorde at me mentalt sett starta å innstille oss på at me måtte ut å leite etter anna arbeid, seier han.

– Trist sak
Sele seier at han oppfattar heile saka som svært trist og at den gjev grunn til bekymring.

– Dette seier eg ikkje på eigne vegner, men eg synest det er bekymringsfullt at det ikkje skal vere mogleg å ha ei overbevising om å følgje samvitet sitt i slike saker. Det er svært problematisk at ein må velje mellom jobb eller samvit, seier han.

LES OGSÅ: Skrotar reservasjonsrett mot samvitsfridom