Her er dei norske elite-forskarane
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På Høyden kan nøgd slå fast at Universitetet i Bergen har fleire forskarar på lista over dei topp éin forskarane med størst innflyting i verda, enn universiteta i både Oslo og Trondheim.
Det er Thomson Reuters som har laga lista, der forskarar vert rangert etter gjennomslagskraft. Denne vert målt etter siteringar og publikasjonar innan forskarane sitt felt.
Universitetet i Bergen har færre publiseringar per forskar enn NTNU og UiO. UiB ligg også bak på ERC-suksess og i kampen om å rekruttere nye forskartalent.
Men på lista til Thomson Reuters snik altså Bergen seg forbi både NTNU og UiO. To samfunnsvitskaplege forskarar og éin innan medisin med tilknyting til UiB er på lista.
LES OGSÅ: Aids-epidemien kan bli stogga
UiO har to forskarar på lista, og NTNU har éin. PRIO, Meteorologisk institutt, NILU og Cicero er også representert.
Følgjande forskarar med norsk tilknyting er på lista:
– Cristopher Stuart Hensilwood, Social Sciences, general, UiB.
– Franscesco D’Errico, Social Sciences, general, Universitet i Bourdeaux og UiB.
– Kenneth Dickenstein, Clinical Medicine, UiB.
– Sverre E. Kjeldsen, Clinical Medicine, UiO.
– Gunnar Myhre, Geosciences, Meteorologisk institutt.
– Rune Blomhoff, Agricultural Sciences, UiO.
– Andreas Stohl, Geosciences, Norsk institutt for luftforsking.
– Idun Reiten, Mathematics, NTNU.
– Kristian Skrede Gleditsch, Social sciences, general, Universitetet i Esses og PRIO.
LES OGSÅ: Difor jagar flugene deg
Faktaboks
Thomson Reuters er eit internasjonalt medieselskap, som mellom anna eig ISI Web of Science.
Lista er basert på 21 breie forskingsfelt, og tek føre seg dei 250 mest siterte forskarane innan kvart av desse fagfelta.