Kritisk til karakterarkrav i vgs

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kritisk til vgs-karakterkrav

FrP sitt forslag om karakterkrav for opptak til vidaregåande skule har skapt mykje debatt. Hanne Notøy i Ulstein Arbeidarparti meiner forslaget vil føre til ekskludering framføre inkludering.

Denne saka stod først på trykk i Vikebladet.

– Kva vil Framstegspartiet gjere med ungdommane som blir stengt ute frå vidaregåande på grunn av for låge karakterar? Kvifor ikkje nytte moglegheitene vi har, i staden for at ein som 15-16-åring må innom NAV og sitje i kø for å finne ei bedrift som kan ta ein i mot.

Med det siktar Notøy til FrP si utdanningspolitiske talskvinne Bente Thorsen, som i førre veke uttalte at partiet ville stille krav om at elevane måtte ha karakteren 2 i kjernefaga matematikk, norsk og engelsk for å komme inn på vidaregåande opplæring. Det fekk Notøy til å tenne på alle pluggar.

LES OGSÅ: Her trivst elevane aller best

– Eg blei rett og slett svært provosert. Alle er gode til noko, men alle er ikkje like gode i teoretiske fag. Det at vi tek vare på desse elevane på lik line med dei andre, la dei få komme inn på ei utdanning, ut i arbeidslivet og la dei få kjenne på kjensla av å meistre noko, det er heilt essensielt. Vi treng arbeidskraft i Noreg, og vi treng folk som er gode på ulike oppgåver, seier Notøy og legg til:

– Ein ser fleire eksempel på ungdommar som blomstrar på vidaregåande sjølv om dei hadde låge karakterar i ungdomsskulen. Ein må auke fokuset på inkludering og å utnytte moglegheitene, framføre å ekskludere og setje avgrensingar. Eg meiner Framstegspartiet heller litt for mykje mot det siste.

 – Kven sin plass tek dei?
Notøy er kommunestyrerepresentant i Ulstein for Arbeidarpartiet og sit på fylkestinget i Møre og Romsdal. Til dagleg jobbar ho i Ulstein Group, der ho er lærlingansvarleg for elektro. Ho reagerer kraftig på utspelet til Thorsen i riksmedia og det varaordførar i Ulstein, Knut Erik Engh (FrP) sa til Vikebladet Vestposten i førre veke.

– Dei seier at elevar som kjem inn med karakterar som er lågare enn FrP si føreslåtte grense tek opp plassen til andre elevar, og at dei ikkje får noko ut av tre år på vidaregåande. Då er spørsmålet mitt, kven tek dei opp plassen til? Skal ikkje desse få ei moglegheit til å ta ei utdanning? Dei skal ha desse elevane til å ta opp igjen fag frå ungdomsskulen, dei vil tvinge dei til å ta opp igjen noko dei ikkje meistrar. Her blir det skapt eit klasseskilje. Kanskje går gjennomføringsgraden i den vidaregåande skulen opp som følgje av dette, men samstundes går prosenten av ungdommar som søkjer arbeid gjennom NAV tilsvarande opp.

LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre gründarar

Akkurat det scenarioet trur Hanne Notøy kan slå tilbake på Framstegspartiet.

– Då får vi mange nye «navarar». Dette når FrP ved fleire høve har kritisert NAV-systemet og uttalt at dei vil bli kvitt «navarane». Dette heng ikkje på greip.

Ekstremt utolmodige
Notøy meiner ein i Noreg er ekstremt utolmodig når det gjeld utdanning.

LES OGSÅ: Vil ha karakterfri ungdomsskule

– 29 prosent av ungdommane i Møre og Romsdal fullfører ikkje vidaregåande i løpet av ein femårsperiode. 29 prosent er 29 prosent for mykje for meg. Dei fell frå anten i overgangen til vidaregåande, det som vil skje i dette tilfellet, i løpet av vidaregåande eller i overgangen til eksempelvis ei lærekontrakt. Vi er no nøydde til å sjå på kva grep vi kan gjere med dei moglegheitene vi allereie har, framføre å føreslå ei ekskludering av ei gruppe elevar som slit med det teoretiske. I kraft av det eg jobbar med og som Ap-politikar meiner eg FrP i regjering har eit ansvar for å i staden leggje til rette også for dei som ikkje meistrar ein tung teoretisk kvardag, seier Notøy avslutningsvis.

Les saka i Vikebladet.