Ingen vil ha Norsk Ordbok

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slutt for Norsk Ordbok?

Språkforskarar er uroa over at prosjektet med Norsk Ordbok ikkje vert vidareført, skriv Dagsavisen.

LES OGSÅ: Vil du ha 5000 kroner?

Norsk Ordbok skal gi ei oversikt over det nynorske skriftmålet. I tillegg skal ordboka gi ei utfyllande vitskapleg framstilling av ordforrådet i dei norske dialektane frå 1600 og til i dag.

Frå neste år er det slutt på dette. Prosjektleiar for Norsk Ordbok, Åse Wetås, seier til Dagsavisen at det er synd at UiO vel å ikkje gå vidare med prosjektet.

Som å miste Nidarosdomen til språket
Det mest påtrengande er ifølgje Wetås at nye oppgåver har dukka opp.

–  Blant anna har Internett blitt oppfunne, og den digitale ordboka dekkjer per i dag berre frå og med I og utover i alfabetet. Ord frå A til og med H er oppført manuelt og vil ikkje bli tilgjengeleg digitalt, seier Wetås til avisa.

På 70-talet vart det bestemt at ordbok- og namnesamlingane skulle liggje ved Universitetet i Oslo. UiO har vore ein sentral aktør i forvaltinga av norsk språkforsking, ifølgje Wetås.

LES OGSÅ: Store skilnader i språkbruk

Ho stiller seg uforståande til at UiO ikkje vil halde fram med arbeidet.

Professor i tekstvitskap ved UiO, Kjell Lars Berge, seier til Dagsavisen at det blir litt som å miste språkets svar på Nidarosdomen.

– Det er fortvilande at norsk språkforsking er underlagt Kulturdepartementet, seier han.

Språkrådet vil ha samla ordbokpolitikk
Førebels er det uvisst kven som skal drifte laupande oppdateringar av ordbokverket. Språkrådet har tilråda ein samla ordbokpolitikk, og foreslår mellom anna å opprette ein eigen organisasjon som skal drifte den digitale utgåva av Norsk Ordbok.

LES OGSÅ: Æ, Ø og Å på veg ut

Berge meiner det er urovekkjande at UiO ikkje lenger vil ta på seg ansvaret for å forvalte ord- og stadsnamnforskinga.

–  Norsk Ordbok har alltid lege ved UiO. Det er klart at UiO no må med i diskusjonen om kven som skal drive arbeidet vidare, og det er synd at UiO ikkje gjer dette sjølv, seier Berge.

Prioriterer vekk språksamlingane
Instituttleiar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar, Kristian Emil Kristoffersen, seier at styret ved instituttet har valt å prioritere vekk oppgåva med å forvalte språksamlingane som ligg til grunn for ordboksproduksjonen.

– Vi må prioritere fagleg og strategisk innanfor dei rammene vi har å forholde oss til, seier han til Dagsavisen.

LES OGSÅ: Yah! Amerikanorsken lever

Per i dag er det ikkje teke noko avgjersle om kven som skal vidareføre arbeidet.

–  Språkrådet har kome med fleire forslag som ein kan lytte til, og vi vurderer det ikkje som UiOs oppgåve å drifte prosjektet vidare.

Dagsavisen skriv vidare at UiO har bede Kulturdepartementet om å finne andre institusjonar som kan ta ansvar for Norsk Ordbok frå 1. mars neste år.

LES OGSÅ: – UiO kan ikkje avvikle språksamlingane