Forbrukarrådet tipsar om kva feller du bør unngå.

NPK
NPK

Spørsmål om husleige er ei av dei vanlegaste årsakene til at folk tek kontakt med Forbrukarrådet. Til no i år har 2 494 teke kontakt om leige av bustad, opplyser Forbrukarrådet på eigen nettstad.

LES OGSÅ: Tilbyr sofaen til huslause studentar

Ettersom mange studentar i desse dagar er på utkikk etter ein hybel, har dei difor laga ei tipsliste til kva studentane bør- og ikkje bør gjere i samband med leige av bustad. Eitt av råda er å ikkje betale for bustaden utan å ha sett han og skrive kontrakt.

– Det finst dessverre uærlege sjeler som vil prøve å utnytte ønsket ditt om å få ein stad å bu. Nokre uheldige hybeljegerar har opplevd å betale for ei leilegheit som ikkje eksisterer andre stader enn i ein annonse. Det hender også at den som gir seg ut for å vere utleigar slett ikkje disponerer bustaden, fortel kommunikasjonsrådgivar Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet.

Hybeltips frå Forbrukarrådet:

*Bruk kontrakt.

*Ikkje betal usett, eller utan å ha skrive kontrakt

*Sjekk kva husleiga dekkjer.

*Undersøk kva vedlikehaldsplikter som følgjer.

*Ver obs på oppseiingstida.

*Krev depositumskonto.

*Ikkje kjøp garanti.

*Gå gjennom bustaden saman med utleigar ved inn- og utflytting.

*Unngå å ta på deg ansvar for eit bufellesskap.

*Blir du og utleigar ueinige, kan du enten gå til Konfliktrådet, Forliksrådet, eller til husleigetvistutvala i Oslo, Trondheim eller Bergen.

LES OGSÅ: 395 millionar til nye studentbustader

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE