Her bryt nesten alle lova

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lettvinte og raske løysingar blir påskjøna – ikkje behandling som verkar.

Det meiner professor Willy Tore Mørch som er ein av dei fremste og mest markante ekspertane i landet på psykiske helse hos barn. Han er ikkje overraska, men meiner det er svært alvorleg at så mange Barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP'ar) bryt lova.

LES OGSÅ: – Uansvarleg av Frp

For lang tid

Ein gjennomgang NTB har gjort viser at tilsyn avdekte lovbrot i 20 av 23 institusjonar der Helsedirektoratet undersøkjer korleis helseføretaka handterer barn og unge som blir tilvist til psykisk helsevern.

– Konsekvensen er at barnet risikerer å ikkje få den behandlinga det treng og at det går for lang tid før behandlinga startar. Dess tidlegare ein startar behandlinga av barn og unge, dess større sjanse er det for at vi greier å reparera tilstanden, seier Willy-Tore Mørch til NTB.

LES OGSÅ: Unge kan få traume gjennom media

Taper for hjartelidingar

Han ser både mangel på ressursar og mangel på kompetanse i dei nedslåande resultata av tilsynsrunden. Psykisk helsevern har ein tendens til å tapa i helseføretak som også har ansvar for somatiske lidingar.

– Presset mot hjartesjukdommar, alvorleg kreft og andre livstrugande tilstandar er så synlege at helsevesenet må prioritera dei. Men psykisk helsevern er ei meir usynleg verksemd som det er lettare å bruka som salderingspost.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Ubehandla eller feilbehandla psykiske plager hos barn vil veldig ofte koma att når ein veks til og blir eldre.

– Det blir eit større press på vaksenpsykiatrien. Fleire vaksne vil få helseplager fordi dei ikkje blei behandla då dei var barn og unge, seier han.

LES OGSÅ: Kjensler smittar på Facebook

Påskjønar gjennomstrøyming

Professoren i psykologi oppmodar helseminister Bent Høie (H) til å endra systemet for refusjon i psykisk helsevern. Det same Helsedirektoratet som avdekkjer svikt har sjølv bestemt at flest mogleg pasientar per tidseining får påskjøning.

– Det er ikkje om ungen blir betre eller ikkje som er kriteriet for vellykka behandling. Det er gjennomstrøymingsgraden av pasientar per tidseining. Ein får pengar for talet på pasientar. Det betyr at ein må ha flest mogleg gjennom systemet. Då går det ut over kvaliteten på utgreiinga, kor grundig behandlarane kan vera og ikkje minst kvaliteten på behandlinga.

LES OGSÅ: Meldingar frå ei boble

Fleire lidingar

I tilsynsrapportane NTB har gått gjennom går det fram at over halvparten av BUP'ane ikkje greier ut faren for sjølvmord godt nok, og at 13 av 23 ikkje gjev ei heilskapleg utgreiing som skal fanga opp fleire helseplager samtidig.

– Det er først og fremst ved depresjonar at faren for sjølvmord er til stades, og det er først og fremst ungdom som har desse problema. Svært ofte er det fleire psykiske helseproblem som opptrer samtidig blant ungdom. Det er svært sjeldan at eit barn eller ein ungdom berre har ei psykisk helseplage – altså ein rein diagnose. Det er alltid blandingstilstandar der dei har fleire helseplager, seier han.

LES OGSÅ: Mange bilete – inga sanning

Gjev lykkepiller

BUP'ane er under hardt press, og effektivitetspresset er så stort at førstevalet blir å skriva ut medisinar i staden for å rydda i ein vanskeleg livssituasjon.

Bruken av piller blant unge jenter har auka med 33,8 prosent på tre år, kunne NRK fortelja. 6.000 ungdommar tek piller for å koma seg gjennom kvardagen.

– Eg er sjokkert over det. Årsaka til at ungdom er deprimerte er at dei har store problem i livet, som det må ryddast opp i – ikkje ved å gje vedkomande ein lykkepille, seier Mørch. (©NPK)

Faktaboks

Fakta om tilsyn av barne- og ungdomspsykiatri

* NTB har gått gjennom 23 tilsynsrapportar der fylkesmennene har undersøkt om helseføretaka syt for framdrift og kontinuitet i barne- og ungdomspsykiatrien.

* Av dei 23 BUP-avdelingane får 20 merknader for brot på loven.

* Ved 15 av 23 institusjonar blir ikkje rusproblematikk kartlagt godt nok.

* Over halvparten (12 av 23) får påpakning for ikkje å kartleggja faren for sjølvmord slik dei skal.

* Ved 13 av 23 institusjonar blir ikkje barn og unge sikra ein heilskapleg vurdering.

* Nesten ein tredel av institusjonane lagar ikkje utgreiings- eller behandlingsplan i tråd med regelverket.

* Tilsyna er gjennomført frå mai i fjor til juni i år. (©NPK)