Småkommunar på helsetoppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er ein liten og oversiktleg kommune og det lett å samarbeida internt. Me har eit nært samarbeid med Nav, god lækjardekning og godt samarbeid mellom privat og kommunal fysioterapi, seier Elsa Ommedal, helsesjef i Hornindal kommune til Dagens Medisin.

Hornindal kommune i Sogn og Fjordane, med rett over 1200 innbyggjarar, gjorde det aller best på helsefronten i kommunebarometeret.

Ved hjelp av helsestatistikk frå Statistisk sentralbyrå, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttets kommunedatabase har Kommunal rapport målt og rangert kommunane i Noreg på grunnlag av mellom anna tal på årsverk i helsesektoren, førebyggjande helsearbeid, medisinbruk og tal på sjukehusinnleggingar.

LES OGSÅ: Best tenester i små kommunar

Distriktspolitikk og kraftpengar
Felles for alle kommunane som toppar lista, er at dei er relativt små målt i talet på innbyggjarar. Resultata for dei største byane er mindre imponerande. Verst går det for Oslo, som er å finna heilt i botnsjiktet på 410.-plass. Bergen, Stavanger og Trondheim hamnar på midten av lista.

Terje P. Hansen, professor ved Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo, er ikkje overraska over resultata, og forklårar det betre tenestetilbodet i småkommunane med distriktspolitikk.

– Små utkantkommunar får større overføringar frå staten og denne ulikskapen forklårar mykje av variasjonen i tenestetilbodet. Ein del av desse kommunane har òg store kraftinntekter, seier Hagen til Dagens Medisin.

At storbyane gjer det mindre bra meiner han kjem av utfordringane desse har med større opphopingar av sosiale problem knytte til rusmisbruk og innvandrargrupper med spesielle helseproblem.

LES OGSÅ: Lom er best i landet

Tvilsam samanlikning
Generelt er Hagen skeptisk til kåringar av denne typen. Å samanlikna kommunar på denne måten kan gje eit skeivt bilete av røynda, nettopp fordi dei er så ulike.

– Når ein set saman rådataa utan å sjå kva som ligg bak, kan det verta rare resultat. At helsetenestene er betre utbygde i små enn store kommunar har òg samanheng med at dei små kommunane har eldre innbyggjarar. Dei får òg pengar av omsyn til sysselsetjinga, seier Hagen. (©NPK)

 

LES OGSÅ: 265 kommunar diskuterer samanslåing