265 kommunar diskuterer samanslåing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtal ser på samanslåing

265 av kommunane i landet diskuterer samanslåing, viser ei ny undersøking. Utgreiar Geir Vinsand meiner alle norske kommunar bør ha minst 10.000 innbyggjarar.

Godt over halvparten av kommunane i landet har ein debatt om samanslåing gåande. I 13 prosent av kommunane har det vore diskusjon i kommunestyra utan at det er fatta vedtak, medan det i 17 prosent av kommunane er vedteke å greia ut ei samanslåing, skriv Kommunal Rapport.

Dei siste åra er det gjort to samanslåingar; Inderøy og Mosvik i Nord-Trøndelag, og Harstad og Bjarkøy i Troms. Tre store utgreiingar som omfattar 20 kommunar i Hordaland, Sunnfjord og Sogn, og tillegg Vesterålen, er i startgropa.

LES OGSÅ: Mindre skepsis mot storkommunar

– Vi dokumenterer i så godt som alle rapportane våre at kommune- og fylkesinndelinga i dag er utdatert. Inndelinga blei laga for andre oppgåver og ei anna tid. Kommunane har inga moglegheit til å løysa dei lovpålagde oppgåvene sine innanfor strukturen i dag, seier Geir Vinsand, som har greidd ut kommunesamanslåing og -samarbeid for NIVI analyse i ti år.

– I dag treng vi regionkommunar med minst 10.000 innbyggjarar. Dei bør i stor grad følgja bu- og arbeidsmarknadsregionane, meiner han. (©NPK)

Kva synest du? Bør Stortinget vedta samanslåing av fleire kommunar?