Kan kvalbæsj eller flaggermus vera det som reddar verda? Her har du ein samling av dyr som gjer meir for planeten enn du kanskje trur.

1. Kvalen (eller deler av den)

The Guardian skriv om kvalen, og korleis den kan redda verda. Måten dei gjer det på er kanskje uventa – det er kvalen sin bæsj som er nøkkelen.

Kvaldrit gir næring til andre organismar, frå plankton og litt oppover i næringskjeda. Forutan den openbare fordelen med biologisk mangfald i havet, er det og snakk om ein del organismar som absorberer deler av karbonutsleppet vårt.

Vidare kan det ha mykje å seia for mennesket. Med meir plankton i havet vert det og betre forhold for fisken. Det er universitetet i Vermont som har funne fram til dette, og konkluderer med at kvalane i stor grad bygger eigne økosystem.

The Guardian er og raske med å påpeika ironien i det heile – etter tung kvalfangst var kvalen nærast utrydda, og no bygger dei seg sakte opp att etter at kommersiell kvalfangst vart ulovleg i 1986. Det er gjennom oppbygginga me ser kva effekt kvalen har.

LES OGSÅ: Pingvinanes dødsmarsj

2. Kyr (og andre dyr som et gras)

Biologen Allan Savory frå Zimbabwe såg på spreiinga av tørke og ørken i heimlandet, og beviste ein gong at den store mengda elefantar var årsaka. Politikarane i landet sa seg einige, og i åra som kom etter vart over 40.000 elefantar drepne, i håp om å reversera prosessen. Det fungerte dårleg, og Savory har i ettertid skjønt at han tok feil.

Allan Savory skal ikkje dømmast nord og ned for feilen. No er han kjend som ein pioner innan kampen mot tørke, og du kan sjå han snakka om arbeidet sitt – og feilen han gjorde – hos TED.

Det syner seg at dyra som et graset er løysinga, framfor problemet. Det har litt til felles med kvalen – også her er avføringa viktig.

Sjølv om kyr som fiser står for store utslepp av drivhusgassar som bidreg til global oppvarming, kan dyra og bidra positivt. Tanken bak er ganske enkel – dyra et graset, bæsjar det ut igjen, og gir med det næring til jorda, slik at nytt gras kan veksa fram. Med dei store dyra er og sjølve storleiken ein del av løysinga – store føter trampar driten godt nedi jorda, og røtene til graset går djupare og blir sterkare.

Fotosyntesen er og viktig – meir planter tek til seg meir CO2. CO2 kan gå i vatnet, lufta eller jorda. I dag går mesteparten i lufta. Med meir planter (gjennom sterkare økosystem som får dei til å gro) vil meir CO2 gå i jorda, framfor lufta.

LES OGSÅ: Kan minske klimaeffekten av transport

2. Biene

Biene kan vera ein av dei viktigaste artene me har. Ikkje fordi honning er så forferdeleg godt, eller fordi me kan laga lys av voksen. Men sidan biene står for store deler av pollineringa i verda, kan det sjå dystert ut for oss dersom dei plutseleg skulle forsvinna. Dette illustrerer Huffington Post ganske klart, med bilete av eit daglegvarehandel med og utan biene.

Pollinering er, som du sikkert veit, befruktinga av plantene. Sluttar biene med det, får ikkje plantene den hjelpa dei treng for å veksa. I reine tal reknar The Telegraph seg fram til at biene pollinerer til ein verdi av 130 milliardar pund kvart år – rundt rekna 1 374 449 000 000 norske kroner.

LES OGSÅ:Difor forsvinn biene

Men biene forsvinn, i hopetal. Nokre stader har bestanden av bier sokke med så mykje som 80 prosent, mykje grunna eit plantevernmiddel me lenge trudde var ufarleg. Det er difor ikkje snakk om ein ny, revolusjonerande eigenskap biene har som kan snu prosessen – biene reddar ikkje så mykje verda som dei held oss i live.

Likevel er det minst ein ekstra ting dei dug til. Bier kan og brukast til å sniffa seg fram til landminer.

4. Flaggermus

Ikkje tenk på Dracula no – vampyrflaggermusa er berre ein av mange typar flaggermus. Flaggermus flest et frukt og insekt, og er strålande jegerar. Blant eigenskapane rollene dei har er å kontrollera insektveksten – på den måten sparar dei USA åleine for mellom fire og 53 milliardar dollar kvart år i insektmiddel. Og det er utan å tenkja på den negative effekten insektmiddel kan ha, som å kverka dei tidlegare nemnte biene.

Flaggermusene er det mange av – eit av fem pattedyr er flaggermus. I tillegg til å vera strålande jegerar, spelar også flaggermusene ei stor rolle i pollineringa.

LES OGSÅ: Tjukk av triste TV-program

Sist, men ikkje minst – dei står for inspirasjonen til både ein av dei mest ikoniske skurkane i populærkulturen, og ein av dei kulaste superheltane. Kva hadde vel verda vore utan vampyrar og Batman?

Av og til møtes dei to til og med – her i det som visstnok er ein filippinsk film frå 1967.

5. Syntetiske dyr

Til no har dyra som reddar verda vore vanlege skapningar som eigentleg gjer vanlege ting. Men ein del dyreartar er allereie utrydda, og mange fleire er utryddingstrua. Då kjem dei syntetiske dyra inn på scena.

Designaren Alexandra Daisy Ginsberg jobbar for tida med eit slikt prosjekt – gjennom genetisk framstilte dyrearter kan utryddingstrua arter bli redda og forureining rydda opp.

Eit piggsvin som kan spreia frøa til utryddingstrua planter. Foto: www.daisyginsberg.com

Ginsberg har til no avla fram fire artar, inkludert eit piggsvin som spreier frøa til trua plantearter, og ein snigel som nøytraliserer sur jord.

Å framstilla syntetiske dyr som kan redda andre dyr er det og fleire enn Ginsberg som har gjort. Blant andre dr. Hoesheng Hu ved Essex University, som lagar robotfisk som jaktar etter forureining i havet.

LES OGSÅ: Når såg du sist ein zomromcom?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE