Når såg du sist ein zomromcom?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Danskane og språket

 Danskane er spesielt opptekne av å vera trendy når det kjem til å oppdatera språket. Difor er ord som fotobombe, e-røg og phablet å finna blant nyorda frå 2013.

Er du i tvil, så er ei fotobombe å hoppa inn i biletet til nokon, e-røg er ein e-sigarett, og phablet er ein krysning mellom ein telefon og ein tablet.

Men danskane virkar og til å ha humor – om ikkje er dei berre veldig opptekne av å ha eit presist språk. Du finn nemleg mange merkelege nyord i det danske språket, samla inn av Dansk Sprognævn

LES OGSÅ: Yah! Amerikanorsken lever

Artig bart

Også frå i fjor, finn me blant andre desse nyorda i dansken:

Fladlusdambrug – eit humoristisk ord for bart

Gastroseksuel – ein person som er overdrivent oppteken av god mat

Skammermagt – at kvinner utnyttar forestillinga om manglande likestilling til å få menn til å skamma seg

Zomromcom – ein romantisk zombiekomedie

Øvdagekultur – å bli heime og bruka ein sjukedag fordi ein ikkje føler seg opplagt til å gå på jobb (altså berre litt slapp)

Av desse er det kanskje det litt kranglete ordet «zomromcom» som skil seg mest ut – i denne filmsjangeren er det stort sett berre «Warm Bodies» frå i fjor som har gjort noko ut av seg. Her kan du sjå traileren.

 

LES OGSÅ: Store skilnader i språkbruk

«Ryste med ballerne»
Sjølvsagt er og twerking og selfie med i den danske ordboka, som kom inn i 2012 og 2013. «Selfie» eksisterer og i det norske språket, men me kan og kalla det sjølvi.

Twerking er vanskeleg å skildra med ord – den danske ordboka definerer det vittig nok som å «ryste med ballerne i dans». Twerke-dronninga Miley Cyrus viser det nok best sjølv.

Sexy ordbok
2012 var eit godt år for danske nyord. I tillegg til twerking kom nær 5000 andre ord inn, som metrosexuel, kinky og blowjob. Det året kom og ordet «bøssepar» – eit mannleg homofilt par.

LES OGSÅ: Vil gi heider via #nynorskmerksemd

Kva tykkjer du om dei danske nyorda?