Her er verdas «snillaste» land

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor eksisterer eigentleg nasjonar? Skal dei først og fremst tene interessene til sine eigne, eller skal målet vere ei meir rettferdig og berekraftig verd for alle menneske?

For skaparen av ‘The Good Country Index’, den politiske rådgjevaren og forfattaren Simon Anholt, er spørsmålet avgjerande. Han meiner vi er i djup trøbbel dersom målet utelukkande er å arbeide for eigne politikarar, borgarar og eiga næring.

Snille og egoistiske land
Dei siste to åra har Anholt arbeidd saman med den politiske rådgjevar Robert Govers for å samanstille data frå FN og andre internasjonale organisasjonar. Arbeidet har resultert i ‘The Good Country Index’ som vart lansert på ein TED-konferanse i juni.

Prosjektet har ikkje sett på kva landa gjer heime, men korleis dei balanserer pliktene overfor eigne borgarar med sitt globale ansvar. Blant faktorane landa er vurdert på, er kultur, fred, tryggleik, vitskap, teknologi, klima, velferd og likestilling. Ettersom tilgangen på data har vore avgjerande for kva land som kan rangerast, er ikkje alle land representert i undersøkinga.

LES OGSÅ: «Eit av verdas rikaste land vil forby tigging»

Målet har vore å finne nettoinnsatsen til eit land, altså kva land som i størst grad bidreg til å gjere verda til ein betre stad og kva land som i størst grad gjer skade.

–  Rangeringa handlar ikkje om kor bra kvart land gjer det, men om kor mykje dei gjer for planeten og for menneska i verda. Målet er ikkje å peike ut kva land som er gode og kva land som er dårlege, men heller kven som bidreg til eit større gode og kven som er egoistiske, heiter det på nettsida til prosjektet.

Irland på topp
Rangeringa kan få irane til å danse av glede. Irland kjem nemleg ut på topp, som det «snillaste» landet i heile verda.

Irland skårar mellom anna høgst på sitt bidrag til velstand og likestilling i verda. Landet skårar også høgt på sitt bidrag til orden i verda, det vil seie at landet mellom anna gir mykje bistand og har signert mange FN-konvensjonar.

Sjå nærare på landa her!

På andreplass kjem våre finske naboar. Dei har mellom anna klatra opp ved hjelp av sine bidrag til vitskap og teknologi, velferd og likestilling.

Først på åttande plass kjem Noreg, bak både Sveits, Nederland, New Zealand, Sverige og England. Noreg gjer det bra i kategoriane for klima og verdsorden. Dårlegast skårar vi i kategorien internasjonal fred og tryggleik.

På botnen av lista, finn vi Libya, Vietnam og Irak. Desse landa kjem dårleg ut i alle kategoriane.

Artikkelen held fram under biletet.

Dei topp ti beste landa i rangeringa. Illustrasjon: www.goodcountry.org.

– Vi treng gode land
Det overordna føremålet med rangeringa å starte ein ny debatt:

– I større grad enn nokon gong før treng vi ei verd satt saman av gode land. Ei slik verd kan vi berre få om vi krev den, frå leiarar, bedrifter, samfunnet og oss sjølve. Vi treng ein debatt om kva som skal vege tyngst for nasjonar, meiner Anholt.

LES OGSÅ: Det store klimaspelet

Kan bidra til endring
Arnfinn Nygaard er seniorrådgjevar i RORG-samarbeidet, eit nettverk av utviklingsorganisasjonar. Han arbeider med globale utviklingsspørsmål og meiner det er interessant og viktig å sjå på kva ulike land bidreg med, på godt og vondt.

Nygaard meiner likevel Anholt går langt i å hevde at vi er djup trøbbel dersom nasjonalstatane set seg sjølve først.

– Statane sine eigeninteresser er sjølvsagt tungtvegande. Samstundes erkjenner stadig fleire at «alt heng saman med alt», seier Nygaard.

LES OGSÅ: Det store klimaspelet

Han peikar til dømes på at globalisering og klimaendringar bidreg til at verdas land og folk vert meir avhengige av kvarandre, samstundes som ein ser at det vert vanskelegare å bli samde, til dømes i klimaspørsmål.

– Verdsordninga frå etterkrigstida er i ferd med å bli erstatta av noko anna, som vi endå ikkje veit kva blir. I eit slikt perspektiv peikar denne rangeringa på noko veldig viktig, når Anholt skriv at «indeksen vil starte ein global diskusjon om korleis land kan balansere ansvar for eigne borgarar med ansvar for verda som heilskap».

Nygaard meiner det er dei same utfordringane Noreg og andre land i EU no strevar med, når dei skal følgje opp ambisjonen om ein samstemd politikk for utvikling.

Korleis balansere omsyna?
– I etterkrigstida vart vestlege lands «godleik» målt i bistandskroner. I dag er det semje om at bistand åleine ikkje er nok, og at mange vestlege land gir med den eine handa og tek med den andre, seier Nygaard.

LES OGSÅ: Reagerer på solskatt

Hovudpoenget er ifølgje Nygaard at vi treng ein debatt om korleis eigne interesser skal verte balansert mot omsyn til fattige, til klima og andre globale spørsmål.

– Denne problemstillinga kan vi ikkje «kjøpe oss ut av» med bistand. Ofte vil det vere slik at om vi skal ta omsyn til fattige land og klima, så vil det kunne gå utover interessene til grupper i eige land.

Nygaard meiner det er svært viktig at slike spørsmål vert demokratisk handsama, og at det krev at vi i aukande grad ikkje berre er borgarar i eige land, men også «globale borgarar».

Problematisk rangering
Det er ikkje ei enkel sak å avgjere kva land som er gode og kva land som er egoistiske.

I ljos av av nylege hendingar, som bortføringane av kvinner og barn i Nigeria og valden i Egypt, kan det til dømes vere overraskande at desse to landa er blant dei beste i kategorien for fred og tryggleik.

LES OGSÅ: Kan minske klimaeffekten av transport

Årsaka er mellom anna at landa ikkje eksporterer våpen og ikkje er direkte involvert i internasjonale valdelege konfliktar. Sjølv om utfordringane på heimebane er store, kjem dei då likevel positivt ut i eit globalt perspektiv.

I tillegg er datamaterialet mangelfullt for mange av kategoriane, og nokre land er ikkje inkludert i det heile teke. Kritikarar har også peika på at ein ikkje kan redusere det totale bidraget til eit land til 35 indikatorar.

Nygaard meiner dessutan at ein med føremon kunne sett nærare på val av indikatorar.

– Dei kan verke litt tilfeldig samanraska. Det er ikkje alle som ser ut til å dekkje det dei vert hevda å seie noko om. I tillegg kjem vestlege land best ut, som i dei fleste indeksar. Beste ikkje-vestlege land er Costa Rica på 22. plass. Det er ikkje overraskande, men eg er ikkje overtyda om at det må vere sånn, seier Nygaard.

LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport

Også Anholt sjølv strekar under at der er store utfordringar knytt til rangeringa. Her kan du lese om somme av problema med undersøkinga.

Sjå også The Commitment to Development Index.

Faktaboks

The Good Country Index vurderer og rangerer land etter ei rekkje kriterium.

Målet er ikkje å finne ut kor godt landa gjer det, men kva dei bidreg med til verdssamfunnet.

35 datasett ligg til grunn for rangeringa. Dei fleste er frå FN og andre internasjonale organ, medan nokre få er laga av ikkje-statlege organisasjonar.