Helsesystrer kjem ikkje i kontakt med barna før vanskane har oppstått.

Frå 2010 til 2012 var det kring 45 000 barn som opplevde at foreldra skilde seg, ifølgje SSB.

Forsking syner at skilsmisser kan vere skadelege for barn. Likevel slit helsesystrer med å kome i kontakt med barna før vanskane har oppstått, ifølgje forsking ved UiT Noregs arktiske universitet.

LES OGSÅ: Nordmenn søv dårlegare

Vil møte barna tidleg
Helsesyster Anne-Randi Pedersen tok nyleg master i helsesysterfag ved Det helsevitskaplege fakultet, UiT.

Ho har forska på helsesystrene sin praksis i høve skilsmissebarn.

– Eit av mine funn er at helsesystrer ønskjer å møte alle skilsmissebarn tidleg, men at dei diverre ikkje vert kontakta før barnet har byrja å få problem. I dag vert ikkje desse barna fanga opp av kommunehelsetenesta. Ikkje ein gong lærarane får noko obligatorisk varsel om at elevane opplever skilsmisse på heimebane, fortel Pedersen på UiT sine nettsider.

LES OGSÅ: Psykologar får ikkje sjukemelde

Dette uroar fagmiljøet. Skilsmisser er den vanlegaste problematikken i skulehelsetenesta.

– Skilsmissebarn bør ha krav på oppfølging i den belasta situasjonen dei er satt i, meiner ho.

Bør lære opp foreldra
Pedersen meiner kunnskapsformidling er vegen å gå.

– Foreldra har ei sentral rolle. Forsking syner at foreldre som sjølv er i krise, ikkje klarar å vurdere kva ungane treng. Måten å førebyggje psykiske skadar på barnet på, er difor kunnskapsformidling til foreldra.

LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor

Ifølgje Pedersen er det tilfeldig kva for ungar som får oppfølging frå helsesyster. Dei som får hjelp har ofte ressurssterke foreldre, som veit kva for helsetilbod kommunen har.

Mange foreldre kan undervurdere kor sterkt ei skilsmisse kan påverke barnet, fordi det er så vanleg med skilsmisser.

Det høge konfliktnivået i heimen, at barnet ikkje vert sett og at det blir brukt som mellomledd, kan vere nokre vanskelege faktorar for barna. I tillegg kjem ofte dårleg samvit og skuldkjensle.

– Eg fann mellom anna ut at møtepunkta mellom helsesyster og barn ofte vert viska ut etter at barnet byrjar på skule. Sidan foreldre og helsesystrer møtast så sjeldan, er ikkje foreldra klar over den hjelpa helsesystrene kan gi. I tillegg vert det då ikkje naturleg å skulle ta kontakt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

ANNONSE