Louise Årthun Bergane (18) gjekk ut av vidaregåande med berre seksarar.

Mona Grønningen, Kvinnheringen
Mona Grønningen, Kvinnheringen

Før helga kom eksamensresultata som gjorde vitnemålet så eintydig: Louise går ut av vidaregåande med berre seksarar, totalt 24 av 24 moglege. Dette gjorde at ho blei oppringt av både Bergens Tidende og NRK så vel som lokalavisene, og sjølv synest Louise det blei litt vel mykje merksemd.


– Ja, det blei jo litt valdsamt! Sjølv synest eg ikkje det er så spesielt, eg føler ikkje at eg er så god. Men det er jo kjekt og, å få så god respons. Eg må jo nesten berre vera stolt, smiler Louise.

LES OGSÅ: Vil unngå «trynefaktor»-karakterar

Denne sommaren blir travel for 18-åringen. Ho har tatt på seg tre-fire jobbar:

– Eg har jobba i heimesjukepleien sidan jul, og skal halda fram der i sommar. Elles skal eg jobba på butikken her i Åkra ved behov og driva Buo Kafé og Pub saman med søstera mi. Innimellom er eg også vikar for organisten i kyrkja. Eg kunne eigentleg tenkt meg litt meir fri, men no blei det slik. Det meste er veldig kjekt å jobba med, og eg har jo valt det sjølv, smiler Louise.

Til hausten har Louise søkt seg til Bergen og medisinstudiar.

Les heile saka i Kvinnheringen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE