Psykologar får ikkje sjukmelda
Arbeids- og sosialdepartementet seier nei. – Diskriminering, meiner Norsk Psykologforening.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Psykologar bør få sjukmelda personar med psykiske lidingar, meiner Psykologforeningen, men Arbeids- og sosialdepartementet seier nei, skriv Dagens Medisin.
Det er diskriminering, meiner Tor Levin Hofgaard, president i Norsk Psykologforening.
LES OGSÅ: Lever lengre med eit mål i livet
Hofgaard meiner at pasientar med psykiske lidingar med denne avgjerda vert hindra i å få arbeidsevna si vurdert av faggruppa som har høgst kompetanse på området.
– Avgjerda kan vanskeleg tolkast på anna vis enn at behova til personar med psykiske lidingar er mindre verd enn behova til andre pasientgrupper, seier han.
LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor