Finsk språkuvilje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg er i Helsinki. Eller er eg i Helsingfors? Eg skal til Tampere – eller skal eg til Tammerfors? Den finske jernbana VR veit nok godt at det er dei same byane. Likevel finn ikkje nettsida deira noko samband mellom Helsinki og Tammerfors. Ikkje mellom Helsingfors og Tampere heller. I Finland må ein velje: Anten reiser ein på finsk, eller så reiser ein på svensk.

Saka vart først publisert i Dag og Tid.


Finland har to offisielle nasjonalspråk: finsk og svensk. 5 prosent av innbyggjarane i Finland har svensk som morsmål. Likevel må alle skuleelevar i landet ha svensk på timeplanen i minst fem år, og alle offentleg tilsette må meistre begge dei offisielle språka.


Slikt vert det diskusjonar av. Diskusjonar vi kjenner, dei som ligg der og ulmar og liksom aldri bryt ut: Kvifor må vi lære eit språk vi ikkje brukar? Det fører til dårleg moral og dreg ned karaktersnittet unødvendig. Kvifor skal dei få diktere dei mange? Skaper språklova frustrasjon og ulikskapar?

I Finland går ikkje toga mellom Helsinki og Tammerfors, heller ikkje Helsingfors og Tapere. Ein må velje mellom finsk og svensk. Foto: Siri Helle

Innbyggjarinitiativ
Eit innbyggjarinitiativ frå foreininga Vapaa Kielivalinta – Fritt språkval – har konkretisert misnøya og lyft henne opp på bordet hjå det finske parlamentet. Eit innbyggjarinitiativ underskrive av 62.000 finnar krev at alle skule­elevar i Finland fritt skal få velje om dei ynskjer å studere sitt andre språk. I tillegg ynskjer dei å fjerne kravet til tospråklegheit blant offentleg tilsette.


Ifølgje forslagsstillarane er grunnen enkel: Ein må skilje mellom behov som samfunnet har for kunnskap i svensk og finsk og individuelle behov for det same. For finlandssvenskar er dei to behova balanserte. For finnar som slit med motivasjonen for å lære seg svensk, er dei det ikkje.


Offisielt er det berre det største opposisjonspartiet, det nasjonalistiske Sannfinländarna, som støttar forslaget, saman med ungdomspartiet til det konservative regjeringspartiet Samlingspartiet. Då det vart diskutert fyrste gong i spørjetimen i parlamentet 14. mai, vart det mykje debatt, og einskildrepresentantar frå både Samlingspartiet og to av dei andre regjeringspartia Socialdemokratarna og Centern forsvara forslaget. Svensk er tvang, det er dyrt – ja, å tvinge umotiverte finnar til å lære seg svensk er rein mobbing, vart det hevda frå talarstolen.
 

– Stillinga til svensk språk vert ikkje tryggare fordi eit uviljug folk vert tvinga til å lære seg det, sa sannfinlendaren Juho Eerola.

 

Offisielt er det berre Sannfinländarna, det nasjonalistiske partiet i Finland, som støttar forslaget om fritt val av andrespråk i den finske skulen. Her frå valkamp i 2010. Foto: Kaihsu/Wikimedia commons


Ein av dei som er usamd med sitt eige parti, er sosialdemokraten Suna Kymäläinen. Som sosial­demokrat skal ho med rette støtte den obligatoriske svenskundervisninga. Som representant for provinsen Kymen i Aust-Finland, på grensa mot Russland, kjenner ho noko heilt anna.
– På sikt trur eg det er ein god idé å fjerne svensk som nasjonalspråk i Finland. Men det må skje med små steg.

Tvangssvensk
Det er mogleg å leve einspråkleg i Finland. Ålmennkringkastaren Yle har separate finske og svenske kanalar. Skal du konfirmere deg, gjer du det anten i ei svensk eller finsk kyrkje.
Skulane er anten svenske eller finske. For dei som verkeleg vil satse på tospråklege born, finst det språkbadsbarnehagar og -barneskular: Her vert det andre språket introdusert alt frå fyrste dag.
Dette er likevel eit tilbod for dei særleg motiverte, langt unna gjennomsnittsfinnen. På finsk vert obligatorisk svenskundervisning jamt omtala som tvangssvensk – «pakkoruotski».


– Eit heilt forferdeleg ord, meiner Elisabet Nauclèr. Som representant for Åland er ho den einaste som konsekvent talar svensk frå talarstolen i det finske parlamentet.
– Eg omtalar det alltid som obligatorisk eller skjemalagd svensk. I omsetjinga vert det gjort om til «tvångssvensk», seier Nauclèr. Ho var ein av ei rekkje finlandssvenske politikarar som fekk dødstrugsmål for språkvalet sitt i fjor haust. Slik trakassering vert stadig meir akseptert.

LES OGSÅ: Drapstruga for å snakka svensk

Finlands svenske historie
Talet på innbyggjarar med svensk som morsmål i Finland er om lag det same no som då ein byrja å telje slikt i 1880: kring 300.000. Det er faktisk ikkje så lett å slå fast når svensk dukka opp i Finland som ein kanskje skulle tru, men det var lenge før det Finland vi kjenner i dag, eksisterte.


Det er vanleg å sjå for seg at kristendomen hadde ein finger med i spelet. På det finske nasjonalmuseet er om lag det einaste som står om Sverige og Finland at «i og med innføringa av kristendomen vart Finland ein del av det svenske riket». Sannsynlegvis etablerte dei fyrste svenskspråklege samfunna seg i Finland som ein del av krosstog i mellomalderen.


Kalmarunionen integrerte dei finske områda sterkare med Sverige. Med Gustav Vasa vart Sverige eit rike med mange språk, der svensk vart nytta av forvaltninga uavhengig av dei lokale språka. Åbo akademi vart etablert i 1640 og utdanna dei fyrste finskspråklege tenestemennene. Kring 1890 dukkar omgrepet finlandssvensk opp for fyrste
gong.

 

Det er ikkje lett å slå fast når svensk dukka opp i Finland, men det var lenge før det Finland vi kjenner i dag, eksisterte. Foto: Siri Helle


To år etter at Finland erklærte seg sjølvstendig i 1917, vedtok finnane ei grunnlov som slår fast at landet har to nasjonalspråk. Lova vart konkretisert i ei eiga språklov to år etter. Ein av grunnane ligg i Åland: Finland ville ha suverenitet over øya. For å få Åland til å akseptere finsk styre måtte finnane love Åland at dei skulle ta vare på den svenske kulturen, språket og levesettet til øybuarane til evig tid.

Svensk eller engelsk?
Idet toget til Tampere rullar ut frå den finske hovudstaden, er det altså frå ein tospråkleg stasjon. Namna på forstadene vi køyrer gjennom, vert oppgjevne på både finsk og svensk. Det same vert neste stasjon inne i toget, både skriftleg og munnleg. Men etter som by går over til bygd, glid det svenske språket jamt bort. Alt ei god stund før eg går av toget i Tampere, er det ingen i toget som talar svensk lenger.


Reisa er under to timar. Juuso Järviniemi, elev ved gymnaset Tampere Lyseon Lykeo, syner meg at mykje har skjedd på vegen:
– Eg har aldri høyrt svensk tala på gata i Finland.


Järviniemi er ein engasjert og flink elev. Han går på sommarskule, les fransk og spansk og har toppkarakter i svensk. Likevel vil han helst snakke med meg på engelsk.

I løpet av dei kring femti åra svensk har vore obligatorisk for finskspråklege elevar, har timetalet vorte nærast halvert. Dei aller fleste byrjar med faget i sjuande klasse. Då må dei ha finsk i fem år, men kan velje bort det sjette. I løpet av desse åra er berre eitt av kursa munnleg svensk – og det er valfritt.


– Då vi var på klassetur i Stockholm, var det så vidt eg greidde å tinge ein hamburgar på svensk, seier Järviniemi. – Det er mykje lettare å lære engelsk – det høyrer vi jo overalt.

LES OGSÅ: –Tiggeforbodet er avskyeleg

Vel bort russisk òg
Kunne det vore ein god idé å gjere svensk valfritt? Kunne det heve statusen til språket og faget, fjerne eit negativt bilete? Det meiner rektor ved Tampere Lysen Lykeo, Heini Mäenpää. Om lag ein tredjedel av elevane hennar vel svensk som eitt av seks eksamensfag sjølv om dei ikkje må. Det er nok fordi dei ser at det er nyttig, mellom anna for å få seg jobb, meiner ho.
– Slik sett er det å fjerne kravet til tospråklegheit hjå offentleg tilsette meir alvorleg enn å fjerne svensk som obligatorisk språk i skulen.


Mellom finnar er det vanskeleg å sjå at svensk opnar nye dører. Alle som kan svensk, kan engelsk. Sosialdemokraten Suna Kymäläinen snakkar med meg på engelsk. Politikaren verken forstår eller talar svensk. Ho talar ikkje svært godt engelsk heller – det må både ein sekretær, heller ikkje han direkte flytande i språket, og ei engelsk-finsk iPad-ordbok til for å få oss gjennom intervjuet.


Kymäläinen meiner at å fjerne den obligatoriske undervisninga no er å gå for fort fram. Kanskje skal ein byrje med å fjerne karaktersetjinga, erstatte den med godkjent / ikkje godkjent. Langs austgrensa vil russisk for mange vere eit meir naturleg språkval. Kanskje er tida inne for å opne for at elevar her kan velje det i staden for svensk?


Problemet er berre at det gjer dei ikkje. I grenseområda mot Russland har nettopp russisk lenge vore tilbode som undervisningsfag. Nesten ingen har nytta tilbodet. Då svensk vart friviljug til studenteksamen, var høvet til å lese andre språk som spansk, fransk, tysk og nettopp russisk eitt av argumenta. Undersøking­ar syner at det ikkje har vorte fleire som tek desse språkfaga.

Finlandssvenskar gjer det bra

«Jag vill leva i Europa – jag vill elska och sjunga här», song fyrst svenske Jan Hammarlund og seinare finske Arja Saijonmaa: «Jag är yr och forlorad och kär, när jag tänker på hela Europa – och på oss om hör hemma her.» Som den geografiske utkanten Finland er, skulle ein tru dei ville ha alt å tene på å kunne kommunisere med dei nordiske og europeiske naboane sine. I staden argumenterer dei med at sidan finlandssvenskar talar perfekt finsk, treng ikkje finnar å tale svensk.
Finnar slit gjerne med både engelsk og svensk. Overraskande ofte opplever eg å ikkje ha eit einaste felles språk med den eg talar med. Samstundes seglar finlandssvenskane opp og gjer det stadig betre, både når det gjeld språk og elles i samfunnet.


Alexander Stubb vert i desse dagar den fyrste finlandssvenske statsministeren sidan 1959. Stadig fleire finlandssvenskar og finnar gifter seg, stadig oftare vert svensk felles språk mellom dei – og di høgare utdanning, di større del svenskpråklege. Svenskspråklege skular er populære – særleg mellom tospråklege, men òg finskspråklege born søkjer seg til finlandssvenske skular.


Utdanningsnivået er høgare: Der 17,8 prosent av svenskspråklege menn mellom 30 og 44 år hadde høgare universitets­eksamen i 2012, hadde 13,6 prosent av finskspråklege menn det same. At finlandssvenskar ikkje er undertrykte, men heller høyrer til overklassen, er ein del av utfordringa: Dei endar opp med å be om orsaking i staden for å kjempe for seg sjølve.


Markus Östersund leier Svenska Finlands Folkting som jobbar for rettane til den finlandssvenske befolkninga. Han har ikkje veldig lyst til å svare på om det er finsk eller engelsk som utgjer det største trugsmål mot finlandssvensken. Til slutt endar han opp med å seie at det er dei sjølve, dei som ikkje vågar å nytte finlandssvensk som sitt fyrste språk i kvar ein samanheng, som er den største faren.


– Har du forståing for dei som meiner at engelsk i stadig større grad erstattar behovet for svensk?
– Sverige er framleis Finlands største handelsland. Sjølv om dei offisielle samtalane i Nordea og IKEA går føre seg på engelsk, er pausespråket svensk. Det kan òg høyrast ut som motstandarane våre meiner at vi ikkje flyttar på oss i Finland. I røynda blandar vi oss meir og meir med kvarandre, seier Östersund.

 

Kan ein samanlikne svensk og finsk med nynorsk og bokmål? Nei, meiner forfattar av innbyggjarinitiativetIllmari Rostila. Foto: Siri Helle.

Kva med Norden?
Om Finland vel bort svensk, vil det til sjuande og sist påverke heile Norden. Suna Kymäläinen sit i Nordisk råd og merkar at ho er den einaste som ikkje meistrar eit felles nordisk språk. Fjernar Finland svensk, misser Norden sjansen til å forstå kvarandre utan å ty til engelsk.
Kan ein samanlikne svensk og finsk med nynorsk og bokmål?


Nei, meiner forfattar av innbyggjarinitiativet Ilmari Rostila.

LES OGSÅ: Får nynorskavisene svi?


– Det går ikkje an å samanlikne å lære seg svensk med å lære seg bokmål. Til og med eg greier å forstå begge språka. Ingen andre land enn Finland tvingar majoriteten til å lære seg minoritetsspråket.
Jau då, meiner Elisabeth Nauclèr.


– Noreg er nettopp eit døme på at det er mogleg for ein majoritet å setje seg inn i minoritetsspråket.
Innbyggjarinitiativet kjem til avrøysting i parlamentet til hausten. Dei aller færraste – ikkje eingong forslagsstillarane – trur det vert vedteke slik det ligg føre. Men det nærmar seg val i Finland. Neste vår skal dei velje ny nasjonalforsamling. Ei avrøysting om svensk i skular og offentlege stillingar midt i valkampen vil ganske sikkert auke merksemda kring eit alt omstridd tema. Med små steg er Finland på veg bort frå svensk og innover mot seg sjølve.

Faktaboks

Finland har to offisielle nasjonalspråk, finsk og svensk.

Fem prosent av innbyggarane i Finland har svensk som sitt morsmål.

Eit innbyggjarinitiativ underskrive av 62.000 finnar krev at alle skule­elevar i Finland fritt skal få velje om dei ynskjer å studere sitt andre språk

Svenskspråklege skular er populære – særleg mellom tospråklege, men òg finskspråklege born søkjer seg til finlandssvenske skular.

Utdanningsnivået er høgare: Der 17,8 prosent av svenskspråklege menn mellom 30 og 44 år hadde høgare universitets­eksamen i 2012, hadde 13,6 prosent av finskspråklege menn det same.