No forsvinn tannlegeskrekken

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den gode nyheita for folk med tannlegeskrekk kjem frå medicalnewstoday.com, og du kan lesa meir om vitskapen bak der.

Tettar seg sjølv
Det er ikkje heilt uvanleg å utsetja tannlegebesøket litt lenger enn det som eigentleg er lurt. Mange er – kanskje med god grunn – ukomfortable med tanken om at ein drill skal bora seg inn i tanna, før holrommet blir fylt opp att. Det kan vera smertefullt – men no kan kanskje heile prosessen erstattast med ein laser.

Forskarar har brukt ein laser til å få stamcellene i kroppen til å reprodusera dentin til tennene – med andre ord får dei hol i tennene til å gro saman på eigenhand, heilt smertefritt.

Det er forskarar ved Harvard som har gjort forsøket, og dei trur teknikken kan bety mykje.

LES OGSÅ: Tanntastisk tannhelse

Stort sprang

Vanlegvis er det ein omfattande prosess å påverka stamcellene – prosessen krevjer at stamcellene fjernast frå kroppen, blir modifisert, og så putta tilbake i kroppen. Med laserbehandlinga kan dei påverkast medan dei endå er i kroppen, noko som kan bety meir enn berre tenner som reparerer sine eigne hol.

Til no har metoden berre blitt testa på rotter, men testar på menneskjer er rett rundt hjørnet grunna suksessen så langt.

LES OGSÅ: Slutt på gratis tannlege

Er du klar for å sleppa tannlegeboret?