Tanntastisk tannhelse

Elevane ved Voss ungdomskule var sist veke travelt opptekne med å pussa tennene og eta sunt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle elevane i åttande klasse deltok på «Tanntastisk», eit prosjekt der tenner og helse sto i fokus. I løpet av veka har to spørsmål stått i fokus, nemleg korleis unngå hol i tennene og kvifor unngå hol i tennene.

– Dette er eit prosjekt som starta for sju år sidan, seier tannlege Elisabeth Grut Gil.

Saman med tannhelsepleiar Torill Hope har ho vore innom klassane for å fortelja om samanhengen mellom tannhelse og god helse.

Fellesmåltid
Kvar dag heile veka har elevane hatt fellesmåltid der dei har hatt med seg ulikt pålegg og ete saman. Fredag var alle elevane samla i kantina der dei fekk eit varmt måltid og avslutta prosjektet.

Skodespel
Nokre av elevane brukte veka til å laga skodespel om korleis det var å gå til tannlegen i gamle dagar.

– Det skal me framføra til elevane på Evanger skule, for å visa dei at dei ikkje treng å vera redde for å gå til tannlegen, seier Hanna Kvamme.

– Så har me prøvt å gjera det litt morosamt, seier ho.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Etter du er 18 år byrjar det å kosta pengar å gå til tannlege. Bør det vera slik framleis?