Får nynorskavisene svi?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er urovekkande for både leiaren av Noregs mållag og Geir Bjarte Hjetland, leiar av Norsk Journalistlag (NJ) i Sogn og Fjordane.

Du har kanskje allereie fått med deg at avisene må kutta over heile landet, og du kan sjå ei oversikt over kvar jobbane forsvinn på journalisten.no

– Det er dramatisk at avisene no må kutta i det dei ikkje skulle kutta i, nemleg journalistikken. Ikkje minst journalistar som skriv nynorsk. Det er trasig at redaksjonar som har bygd seg opp over fleire år no må betala så mykje til store konsern for å få lov til å overleva, seier Hjetland og siktar til Amedia-konsernet, som no må spara inn 500 millionar kroner – blant anna ved å kutta ned på journaliststillingar.

– Det er og ei krise for journalistikken, ikkje minst den som blir utført på nynorsk. Eg tykkjer me skal spørja oss kvar eigarane er, som no berre tenkjer på profitt og ikkje tek omsyn til avisene si lange historie, kulturmessig og språkleg, legg Hjetland til, og understreker at han berre uttaler seg om situasjonen i sitt eige fylke.

LES OGSÅ: Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk

Etterlyser samarbeid

Blant eigarane sit Nina Refseth, konserndirektør i Amedia AS. Ho sit med ansvaret for aviser som Firda, Firdaposten, Nordhordland og andre nynorskaviser.

– Eg er samd i at nynorsken på mange måtar er under press. Når medieøkonomien endrar seg radikalt, gjer ikkje det situasjonen enklare, seier ho. Refseth understrekar at Amedia har prøvd å ta hensyn til nynorsken i framtida, og at Firda framleis har mellom dei høgaste bemanningane for aviser av same storleik.

Ho etterlyser og at nynorskavisene skal bli betre på å samarbeida.

– Etter mitt syn vil det bli viktigare frametter, etter som heile medieøkonomien er under press. Medan aviser i andre landsdelar enkelt kan køyre felles desk og meir stoff på tvers, er det ikkje ønskeleg at nynorskavisene skal måtte basera seg på tilfang av stoff på bokmål. Etter mitt syn er det heller ikkje ønskeleg å bruka ressursar på å omsetje frå bokmål til nynorsk, og absolutt ikkje omvendt, samstundes som den digitale utviklinga krev at ein er stadig meir til stades. Da krev det at vi tenkjer nytt for nettopp å sikre nynorsken som journalistisk språk, seier Refseth.

LES OGSÅ: Ber Høgre stoppe pressekutt

Viktig å bli sett

– For oss er det viktig at nynorsken blir sett og brukt, og difor er lokalavisene så viktige. Forsvinn ei nynorskavis, står som oftast ei bokmålsavis klar til å ta over marknaden, seier Tennø.

Journalistjobbane som vert kutta etter eit uvanleg dårleg kvartal for annonseinntektene er spreidd over heile landet, ifølgje Journalisten.no si undersøking. Likevel kan det slå ekstra hardt ut mot andelen nynorskaviser, når så mange journalistar må gå.

LES OGSÅ: – Ikkje plass til to aviser i Nordhordland

Treng ressursar

Med årsverka avisene må kutta no, er ikkje nynorskavisene direkte utpeika for kutt, samanlikna med resten. Men journalist Sven Egil Omdal ser at nynorsken kan bli ekstra hardt råka seinare.

– Problemet er at ein treng både kompetanse og ressursar for å utvikla til dømes mobile tenester. I og med at nynorsken står sterkare i mange av dei mindre avisene, vil dei få eit problem med å utvikla nye løysingar, seier Omdal.

Omdal publiserte i fjor ein rapport om korleis tapet av lokalaviser kan svekka demokratiet, då færre vaktbikkjer skal dekka eit like stort område som tidlegare. Lenge har lokalavisene vore skjerma for nedgangen, men no vert og desse råka.

Problemet, som Omdal seier, er at det må gjerast ei heilomvending med digitalisering og satsing på mobile løysingar, der ein ser at fleire og fleire les nyhende.

LES OGSÅ: Enorm vekst av nettbrett og mobil

Dårleg timing

Aakre Tennø i Noregs Mållag er klar over utviklinga, og meiner det gjer at aviskutta passar ekstra dårleg no.

– Det å kutta no, når ein treng ressursar til omstilling, er veldig dumt. Det er no omstillinga må gjerast, og det er no ein treng ressursane.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/marit_aakre_tenno_nett.gif

– Det å kutta no, når ein treng ressursar til omstillinger veldig dumt, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs mållag. Foto: Noregs mållag

Hardt råka

Det er Amedia som er hardast råka av den vanskelege, økonomiske situasjonen for avisene. I alt må dei spara 500 millionar kroner, og prosessen skal ifølgje Amedia sjølv vera ferdig til sommaren.

Tala Journalisten har samla inn viser at det fører med seg omfattande kutt for fleire aviser, blant anna fleire nynorskaviser. I Sogn og Fjordane må Firda kutta fire årsverk, frå 21 til 17. Samstundes må Firdaposten legga ned sitt lokalkontor i Svelgen, og med det kutta ei journaliststilling.

I Hordaland ser det allereie dårleg ut for avisene Nordhordland (Amedia) og Strilen (dotteravis til Bergens Tidende). Strilen har varsla at dei kuttar fire av 14 stillingar, medan Nordhordland kuttar ei stilling.

Men Amedia viser at kutta som må gjennomførast hjå til dømes Firda og Firdaposten ligg under snittet.

– Som heilskap er kostnadsbasen redusert med 12 prosent for mediehusa i Amedia, medan Firda har redusert med 7,3 prosent og Firdaposten med 5,7 prosent, seier Nina Refseth.

Faktaboks

Fakta:

Fleire mediekonsern varslar kutt, og Amedia må no kutta 500 millionar kroner.

Dette fører og til ei nedskjæring av journalistar som skriv nynorsk, som gjer språket mindre synleg.

Noreg si største nynorskavis, Firda, må kutta fire årsverk, og reduserer frå 21 til 17.

Samstundes har avisa mellom dei høgaste bemanningane for aviser av den storleiken, ifølgje Amedia.