Denne veka sender Noregs Mållag ut A2-plakatar med Grunnlova til alle dei vidaregåande skulane i heile Noreg.

mm

– Eg vonar at Grunnlova vert eit lest dokument. Eg tykkjer det er fint at folk no kan få lese og diskutert Grunnlova, som er grunnlaget for demokratiet vårt. Det har jo ikkje vore så enkelt før, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø på telefon til Framtida.

LES OGSÅ: Nynorskkurs med Facebook-suksess

Folkets grunnlov
Den 6. mai i år vedtok Stortinget ei språkleg modernisering av Grunnlova og dermed fekk me i Noreg ei modernisert grunnlov, som er lettare å lesa og å forstå enn originalen. Mållagsleiaren er godt nøgd med at nynorskversjonen av grunnlova no vert folkeversjonen.

– Mållaget vil vere med å bidra til eit ordskifte om Grunnlova og grunnlaget for demokratiet vårt i klasserom over heile landet. Difor sender me ut ein veggplakat til alle vidaregåande skular i heile landet slik at dei alle kan lese Grunnlova vår, på nynorsk, fortel Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: #nynorskgrunnlov

Veggpryd frå Mållaget
Tennø meiner at utsendinga av grunnlovsplakatar er ei fin markering av 200-årsjubileet og ei hylling til folkestyret og eit ynske om at me òg i framtida skal ha eit samfunn der alle har ei røyst.

– Mange har ynskt seg ein plakatversjon av Grunnlova. Det vart det også ynskt frå talarstolen i Stortinget, så det skulle berre mangle at me ikkje tek den utfordringa, seier Marit Aakre Tennø, som sjølvsagt skal hengje opp si nye grunnlov heime i Luster.

Sjå plakaten her.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE