Det vanskeleg ansvaret

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei rike land, og særleg USA, er livredde for å innrømme skuld for klimaendringane. Gjer dei det, vil det medføre eit ansvar dei ikkje er viljuge til å ta.

Det seier Steffen Kallbekken, som er seniorforskar ved Cicero – Senter for klimaforsking og arbeider mellom anna med internasjonale klimaforhandlingar.

Sist veke var det Verdas miljødag med sårbare øystatar og klimaendringar som tema. I klimaforhandlingane står desse landa i klinsj med dei vestlege landa. Spørsmålet er kven som har ansvaret for klimarelatert tap og skade.

LES OGSÅ: – Løft stemma, ikkje havnivået

Rik mot fattig
– Trass i utsleppsreduksjonar og klimatilpassing, vil klimaendringar føre til omfattande tap og skade. Alle er einige i at vi må opprette ein mekanisme som handterer dette, men i klimaforhandlingane står  u-land og i-land på kvar si side. Utviklingslanda vil opprette tap og skade som ei eiga ‘søyle’, på linje med klimatilpassing og utsleppsreduksjon. Rike land er imot dette fordi dei er redde for formuleringar som vil innebere ansvar, forklarar Kallbekken.

Særleg USA er tilbakehaldne, ettersom formuleringar som inneber ansvar kan leie til juridiske søksmål i landet. U-landa vil derimot opprette eit fond eller andre typar økonomiske mekanismar, for å handtere tap og skade. Førebels høyrer dette framtida til.

– I førre omgang, under klimaforhandlingane i Warszawa, sørgde dei rike landa for å utsette problemet. I staden konsentrerer ein seg om utslepp og tilpassing. Så får vi sjå kva som skjer under forhandlingane i 2016, seier forskaren.

Han er ikkje overveldande positiv på dei fattige landa sine vegne.

– Dette er ein maktkamp, der landa kan ikkje tvinge kvarandre til ei løysing. Så lenge mektige land er imot å opprette tap og skade som ei eiga søyle, så skjer ingenting, seier han.

Saka fortset under biletet.


Desse borna frå stillehavsstaten Tuvalu kan verte klimaflyktningar. Foto: Putsj/Knut Arne Oseid

Kva med klimaflyktningane?
Debatten om tap og skade overlappar med debatten om menneske som må flytte på grunn av klimaendringar. Nokre av dei sårbare øystatane som var tema på Verdas miljødag er til og med uroa for at dei skal forsvinne som nasjonar. Staten Tuvalu har til dømes forhandla med New Zealand om moglegheiter for å flytte befolkninga dit om det ikkje lenger er mogleg å bu i øystaten.

– På Tuvalu bur det kring 10-12.000 menneske. I Bangladesh, som stort sett er eit elvedelta, snakkar vi om ein heilt annan skala. Forhandlingane Tuvalu er i gong med er berre ein smakebit på kva som kan kome, seier Kallbekken.

Vikram Kolmannskog har doktorgrad på temaet klimaendringar. Han arbeider som sjølvstendig forskar og rådgjevar, og har vore konsulent for Flyktninghjelpen på temaet i mange år. Kolmannskog har mellom anna laga rapporten «Future floods of refugees» for Flyktninghjelpen, og han meiner at omgrepet «klimaflyktning» er problematisk.

– Ifølgje Flyktninghjelpens tal flyktar årleg titals millionar menneske grunna katastrofar, som flom og tørke. Ein kan ikkje relatere enkeltkatastrofar til klimaendringar, men vi veit at denne typen katastrofar auke i tal og omfang med klimaendringane, seier Kolmannskog.

– Men, dei aller fleste som flyktar reiser ikkje langt. Med mindre ein kryssar landegrenser er ein ikkje flyktning, men internt fordriven. I tillegg må ein vere forfølgt, til dømes politisk, for å bli anerkjent som flyktning. Dermed kan ein godt snakke om klimaflyktningar på folkemunne, men det er ikkje eit juridisk anerkjent omgrep, utdjupar han.

Kolmannskog har mellom anna forska på menneske som flykta frå tørke og hungersnaud på Afrikas horn i 2010/2011.

– Når menneske flyktar er årsakene samansette. Tørka førte til hungersnaud, men det var mellom anna konflikten i Somalia som gjorde menneska måtte flykte ut av landet for å klare seg. Politiske og sosiale faktorar, som myndigheitene sin kapasitet til å hjelpe, spela inn. Desse fekk status som flyktning, fordi dei kryssa landegrenser og konflikten spela ei rolle, forklarar han.

Den afrikanske flyktningkonvensjonen er breiare enn FNs flyktningkonvensjon. Likevel er det ikkje heilt klart om klima er dekkja. Kolmannskog var nyleg på eit møte i Nairobi for Flyktninghjelpen, der den afrikanske flyktningkonvensjonen var eit tema.

– Der vart det mellom anna sagt at når årsaka til flukt berre er vêrfenomen, utan at konflikt og politiske faktorar spelar så sterkt inn, så er det meir usikkert kva andre land er forplikta til å hjelpe med, seier han.

Saka fortset under biletet.


Verdas første klimaflyktningar kjem frå Tuvalu. Foto: Putsj/Knut Arne Oseid

Lite truleg med flyktningbølgje
Kolmannskog meiner det er lite truleg med store straumar av klimaflyktningar til land i Vesten.

– Dei aller fleste flyktar internt eller til naboland. Det er fattige som er mest sårbare for klimaendringar, og det skal litt til for desse å komme seg til Europa, seier han.

Når det gjeld øystatar, som er tema for Verdas miljødag, er problemstillingane førebels litt annleis enn på Afrikas horn. Sjølv om akutte katastrofar også her er ei utfordring, er andre prosessar, som stigande havnivå, meir langsame.

– Dei langsame klimaendringane er førebels ikkje like akutte som katastrofar. Når situasjonen ikkje er akutt, er det vanskelegare å få vern. Planlagt migrasjon frå øystatar som i framtida kan bli umoglege å bu på, fell dermed utanfor flyktningkonvensjonen, seier han.

Men, like viktig som at ei bølgje av klimaflyktningar kan vere ein overdriven metafor, er det at dei fleste ikkje vil flykte frå heimane sine. Gjennom konsultasjonar med innbyggjarar i øystatane, har det som regel kome tydeleg fram at dei fleste vil bli buande.

– Difor er det like viktig å arbeide for å avgrense klimaendringane og leggje til rette for tilpassing, seier Kolmannskog.

Ikkje tid til å vente på utvida konvensjon
Klimaendringar som årsak til flukt kjem altså ikkje inn under flyktningkonvensjonen i dag. Flyktninghjelpen meiner heller ikkje at løysinga er å endre konvensjonen.

– Dei fleste som flyktar grunna klimaendringar reiser ikkje til andre land, og har difor ikkje behov for asyl, men rett til hjelp i heimlandet. Når det kjem til dei små øystatane, så kan det vere snakk om at menneske må reise til andre land. Sjølv om ikkje alle som flyktar på grunn av klima kan få asyl som flyktning, så har dei like fullt eit krav på vern og hjelp, seier Nina Birkeland, som er klimarådgjevar i Flyktninghjelpen.

Sjølv om klimaendringane skjer langsamt, kan arbeidet med å utvikle ein konvensjon som tek høgde for klima gå endå seinare. Difor samarbeider Flyktninghjelpen med norske myndigheiter og andre land for å finne andre løysingar for menneske på flukt på tvers av landegrenser frå klimaendringar.

– Alle statar, Noreg inkludert, har signert menneskerettskonvensjonen, og den forpliktar. Gjennom Nansen-initiativet freistar vi å finne alternative løysingar, slik at land kan gi vern og hjelp utan å forhandle fram ein ny konvensjon, seier Birkeland.

Les meir om Nansen-initiativet her.

Kolmannskog meiner også det er viktig å finne alternative løysingar, samstundes som ein gir støtte til dei som må flytte.

– Samstundes må vi gjere endringar her heime også. Sjølv om dei fleste klimaflyktningane ikkje vil kome til Noreg, så vil det kome nokon. Det vil vere nokon vi ikkje bør returnere til katastrofeområde uansett kvifor dei er komne. Vi er flinke til å gjere endringar ute i verda, men det er vanskelegare politisk å gjere noko heime. No gir ikkje klimakatastrofar krav på vern, men vernet burde gjerast sterkare og tydelegare, meiner han.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE!

Eit stigande havnivå trugar innbyggjarane i Tuvalu. Foto: Putsj/Knut Arne Oseid