Aldri før har så mange unge i Noreg fått piller mot depresjon. Nærare 6.000 ungdommar bruker antidepressiva, viser tal frå Reseptregisteret.

NPK-NTB
NPK-NTB

Dei siste fire åra har bruken auka med 27 prosent, og nesten heile auken gjeld jenter mellom 15 og 19 år. Det viser dei siste tala frå Reseptregisteret, skriv Utdanningsnytt.

– Vi veit førebels ikkje kvifor brukarane har vorte fleire frå og med 2011. Det kan komme av at ungdommane får behandling over lengre periodar, eller at det er mange nye brukarar som kjem til, seier Kari Furu, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet.

Legemiddelverket og legemiddelstyresmaktene i EU åtvara i 2003 mot bruk av antidepressiva hos unge. Ein studie som Folkehelseinstituttet har gjort, viste at åtvaringane den gongen førte til at bruken av antidepressiva hos barn og unge gjekk ned med 17 prosent frå 2004 til 2005. Aldersgruppa 15– 19 år utgjorde deretter stabilt 1,4 prosent av brukarane fram til 2010, men er no oppe i 1,8 prosent.

– Det er vanskeleg å gi noko eksakt svar på når det er rett å gi antidepressiva til barn og ungdom. Uansett alder er antidepressiva berre tilrådd ved moderat til alvorleg depresjon. Vi bør skilje mellom barn under 15 år og ungdom som er 16 år og eldre, når vi diskuterer dette, seier Kari Furu.

Folkehelseinstituttet forskar no på bruken av antidepressiva. Dei vil ikkje åtvare mot å bruke piller mot depresjon på barn og unge. (©NPK)

Les fleire saker om psykisk helse her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

Kommentarar

ANNONSE