Her deltek elevane mest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest det er veldig bra at elevane synest dette, seier elevrådsleiar Tuva Hjetland Løland til Framtida.no.

– Vi har engasjerte elevar og vi tek medverknad på alvor, seier rektor ved Dale vidaregåande skule, Gro Fivelsdal.

I Elevundersøkinga skårar Sunnfjord-skulen høgt på demokrati og medverknad.

Best av offentlege skular
I undersøkinga har elevane svara på i kva grad dei får påverke arbeid med fag og reglar for klassen. Dei har òg svara på om skulen høyrer på forslaga deira, og om den legg til rette for at elevane kan delta i elevråd og anna arbeid som tillitsvalde.

Dale vidaregåande skule kjem best ut av dei offentlege vidaregåande skulane i landet, med 4,2 av 5 moglege poeng. Berre privatskulane Akademiet og Heltberg vidaregåande skule i Drammen har fått høgare skår. Fivelsdal tykkjer resultata er gledelege.

– Medverknad har vore eit stikkord for oss i mange år. Vi har gjort fleire grep for å ta elevdemokratiet på alvor. Mellom anna har vi faste elevrådsmøte, der representantar frå leiinga og miljøkoordinator er til stades. Vi har også allmøte kring éin gong i månaden, der elevane får informasjon om smått og stort, og kan kome med innspel.

LES OGSÅ: Meir disiplin i skulen?

Rektoren fortel vidare at elevane på skulen mellom anna har fått sofakrok og salatbar etter eige ønske. I russetida samarbeidar skuleleiinga med russestyret, og rektor har eit ord med i laget når russen skal avgjere kva russeknutar som skal gjelde.

– Eg har sjølv mange års fartstid som lærar, og kan sakne å vere i frontlina. Som rektor er eg dermed oppteken av å ha nær kontakt med elevane, og her på skulen skal dørene til lærarar og leiing stå opne for elevane, seier ho.

Ta elevane på alvor

Elevrådsleiar Tuva Hjetland Løland fortel at skulen er flinke til å høyra på elevane.

– Dei spør oss av og til kva oppgåve me vil ha i norsk. Då høyrer dei på oss. Me blir òg spurt om kva mat me vil ha i kantina, om det er noko anna me vil ha. Skulen har sett i gang med å utbetra uteområdet etter me tok det opp. Dei har tenkt å få ei volleyballbane med sand. Og dei har sett ut benker og bord sånn at me kan gjera lekser ute.
Rektor Gro Fivelsdal meiner nøkkelen til godt elevdemokrati ligg i å ta elevane på alvor.

– Både lærarar og elevane har ei felles interesse for ein bra skule. Vår viktigaste oppgåve er å gi god undervisning, men då må vi også vere lydhøyre for elevane. Eit døme på at vi gjer dette er den demokratiske handsaminga av prøveplanane. Når lærarane har utforma ein prøveplan, får elevane høve til å kome med endringsforslag eller godkjenne planen. Då høyrer vi sjølvsagt på dei, og finn den beste løysinga saman, fortel rektoren.

LES OGSÅ: Her trivst televane aller best

Også leiar i Elevorganisasjonen, Benjamin S. Myrstad, legg vekt på at elevane må bli høyrt.

– At elevane føler at det blir tekne seriøst, er det viktigaste av alt i elevdemokrati. Ein kan ha mange elevrådsmøte, men om elevane kjenner seg avfeia er det lita nytte. Alt som skjer på skulen påverkar elevane, og då må dei verte inkludert i avgjersler. Elevdemokrati er eit litt betent omgrep, som somme gongar kan få nokre lærarar i forsvarsposisjon. Men medverknad handlar ikkje om at elevane skal styre alt, men at dei skal kunne komme med tilbakemelding, vere delaktige og bli tekne på alvor, seier Myrstad.

Han er ikkje overraska over at Dale vidaregåande skule kjem godt ut i undersøkinga.

– Det er nokre skular som blir nemnt som gode døme innimellom, og Dale vidaregåande skule er ein av desse. Det er morosamt for skulane sin del at dei får synt fram det gode også.

Kan bli betre
På landsbasis er snittet 3,4 av 5, for både offentlege og private vidaregåande skular. Elevorganisasjonen meiner skulane framleis har ein veg å gå.

– Sjølv om det finst mange funksjonelle elevråd rundt omkring, er det ei utfordring å inkludere heile elevmassen og nå ut til alle klassar. Det er framleis ein del skular som ikkje er flinke nok til å leggje til rette for deltaking. Også dei skulane som kjem godt ut har heilt sikkert nokre elevar som ikkje har gitt like høg skår i undersøkinga. Difor er det viktig at skulane ikkje blir late, men held fram med å arbeide for elevdemokrati, seier Myrstad.

LES OGSÅ:– Slutt å snakke skulen ned