Vil gi meir makt til etikkrådet til Oljefondet
– Dalai Lama-debatten har vist veikskapen ved modellen vi har i dag.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil gi meir makt til etikkrådet
Medan finansminister Siv Jensen (Frp) ivrar for å leggja ned Etikkrådet for Oljefondet, føreslår Sp tvert imot å gje rådet meir makt. Og bruker Dalai Lama som døme.
– Dalai Lama-debatten har vist veikskapen ved modellen vi har i dag. Viss Etikkrådet i dag hadde rådd til å selja seg ut av eit kinesisk selskap, ville regjeringa ikkje klart å ta den avgjerda. Etikken hadde tapt for kvardagspolitikken, seier leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, til Vårt Land.
Medan regjeringa ønskjer å leggja ned Etikkrådet og gje Noregs Bank ansvar for både eigarskapsutøvinga og utestengjingsmekanismen, vil Sp-leiaren styrkja rådet ved å gje det fullmakt til å bestemma på eiga hand om fondet skal selja seg ut av problemselskap.
I dag leverer Etikkrådet berre tilrådingar til Finansdepartementet om å selja seg ut av enkeltselskap, eller om å observera selskap. Deretter er det departementet som gjer den endelege avgjerda. (©NPK)