Solberg punkterer forslag om velferdskutt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seier blankt nei til velferdskutt

Venstre vedtok i april at satsane i sjukeløna bør kuttast. Landsmøtet til Framstegspartiet bad sist helg om ei offentleg utgreiing av berekrafta til velferdsstaten. No er turen komen til Høgre.

Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy anklagar moderpartiet og resten av partia på Stortinget for å mangla solidaritet med komande generasjonar.

– Det går på bekostning av neste generasjon politikarar som må stå for desse kuttene, og av morgendagens skattebetalere som får ei solid rekning i fleisen, seier han til NRK.

Vil kutta velferdstilbod
Eit resolusjonsforslag frå Unge Høgre tek til orde for å kutta i sjukeløna, innføra tre karensdagar og fjerna AFP-ordninga.

Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg slår sterkt ned på forslaga.

– I valkampen sa vi tydeleg frå om at vi ikkje skulle gjera endringar i sjukelønsordninga. Det held vi fast ved, seier ho til NTB.

LES OGSÅ: Aarebrot om eldre veljarar: – Ekle, egoistiske bandittar

Klare resultat av IA-avtalen
Ved inngangen til landsmøtet på Gardermoen er Solberg svært klar på at det må andre metodar enn dei Unge Høgre føreslår for å få sjukefråveret ned.

– Vi ser faktisk at avtalen om eit inkluderande arbeidsliv gjev resultat. Særleg industrien har fått til resultat ved å arbeida på ein måte som gjer at han klarer å inkludera fleire, seier ho.

LES OGSÅ: – Den viktigaste debatten me ikkje har

Høgre fell 3 prosentpoeng på ny måling
Statsministeren går inn i landsmøtet med ein markant nedgang på partibarometeret til Aftenposten. Partiet fell 3 prosentpoeng sidan aprilmålinga, og endar på 26,8 prosent. Framstegspartiet fell 0,8 prosentpoeng til 12,8 prosent, noko som er 3,5 prosentpoeng lågare enn oppslutnaden partiet fekk ved stortingsvalet.

Arbeidarpartiet er det største parti på målinga med 33,2 prosent, ned 0,8 samanlikna med april. Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti går begge fram 1,4 prosentpoeng, og dei to partia har støtte frå høvesvis 5,7 og 4,3 prosent av dei spurde i målinga. Kristeleg Folkeparti får 5,7 prosent, Venstre 4,8 prosent, Miljøpartiet Dei Grøne 3,5 prosent og Raudt 1,3 prosent.

QUIZ: Kva dei om Høgre?

Faktaboks

Unge Høgre vil:

• Auka normalarbeidsdagen med éin time frå 7,5 til 8,5 timar.
• Auka aldersgrensene for pensjonering og særpensjon.
• Heva inntektsgrensen for lån og stipend frå lånekassa for å oppfordra studentar til å jobba meir.
• Kutta i alderspensjon frå Folketrygda, både grunnbeløpet og tilleggspensjonen, med 10 prosent.
• Avskaffa avtalefesta pensjon (AFP).
• Opna for gradering av offentleg tenestepensjon på lik linje med privat tenestepensjon.
• Oppjustera pensjonsalderen til 70 år og fleksibelt uttak til 65 år.
• Endra IPS-ordninga ved å avskaffa skattefrådraget av innskot og la uttak ved pensjonsalder vera skattefritt.
• Innføra eigenandel for arbeidstakarar ved dei tre første fraversdagane, òg kalla karensdagar. Dette er med unntak av kronikarar og foreldre heime med sjuke born.
• Nedjustera utbetalingane frå sjukelønsordningane til arbeidsløysetrygdas dekningsgrad.
• La føretak betala 10 prosent av langtidssjukefråveret til tilsette mot at dei vert kompenserte tilsvarande gjennom skatteletter.
• Innføra normerte sjukemeldingar på dei dei mest ordinære lidingane.
• Redusera sjukemeldingsretten til fastlegane, frå 12 til 6 månader. Vidare utviding av sjukemelding må gjerast av spesialist eller annan enn pasienten sin fastlege.
• Påleggja fastleger å auka delen som får gradert sykefråvere.

Kjelde: NRK