Engasjerer på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kleiven Strøm har gått på Nynorsk Mediesenter i Førde, etter ei tid som journalist i NRK Sogn og Fjordane er ho i dag programleiar og reporter i Vestlandsrevyen og programleiar i Norge i dag. Noko som nyleg gav henne Alf Helleviks mediemålpris. I grunngjevinga frå juryen legg dei vekt på at ho har eit godt og tydeleg srpåk både i reportasjar og direkterapportering. Kleiven Strøm frå skrøyt for å halde seg unna kjeldespråk og at ho får fram bodskapen utan å gå språklege omvegar.

– Kvifor vart du journalist?

Eg har alltid vore nysgjerrig og stilt mange kvifor-spørsmål, og vore glad i å formidle og fortelje. I tillegg byr jobben på utallige moglegheiter til å vere kreativ. Nynorsk Mediesenter skal ha mykje av æra for at eg til slutt valde å satsa på journalistikken, sidan det var der eg fyrst fekk prøva meg, fortel den unge journalisten som er oppvaksen på Årdalstangen og som no bur i Bergen. Bak seg har ho studiar i administrasjon og samanliknande politikk.

– Kva betyr det for deg å bli heidra med pris?

Det betyr sjølvsagt mykje for meg. Språket er mitt viktigaste verkemiddel i jobben. Eg er enormt stolt av prisen og rosen frå juryen.

Prisen er sjølvsagt eit av høgdepunkta i karrieren, sjølv om høgdepunkta kjem i kvardagen.

I juryen for prisen sit Ingvild Bryn, Harald Stanghelle, og Magni Hjertenes Flyum. Mediemålprisen er på 25.000 kroner og har vore delt ut sidan 1998. Tidlegare vinnarar av prisen er blant anna Bjørn Bø, Siri Lill Mannes, Ingvild Bryn og Yasmin Syed. Alf Helleviks mediemålpris skal gå til ein yngre, faste nynorskbrukarar i radio eller fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. Nynorsken som bruksspråk er viktig for Kleiven Strøm.

Eg er veldig glad i nynorsk. Det er eit vakkert skriftspråk. Først og fremst er det viktig for meg at eg har eit språk som er tydleg og korrekt og som ikkje kjem i vegen for den bodskapen eg ynskjer å formidle, men heller understrekar og som gjer det kjekt å høyre på og lese. Eg trur nynorsken hjelper meg i så måte.

Sjølv finn ho inspirasjon i å stadig vere nyfiken og stille dei rette spørsmåla til den rette tida. At mange skal meine noko om sakene ho lagar meiner ho berre er positivt.

Det set eg berre pris på. Me skal lage saker som reflekterer det folk er opptekne av, som engasjerer og som betyr noko for dei som ser, lyttar og les. Det at ein får tilbakemelding på kva ein vel å setja fokus på og korleis me vel å gjere det, er rettesnora vår.

Eg byrja på universitetet i den same tåka av uvisse som nok alle som vel samfunnsvitskapleg retning gjer. Håpar det blir noko av meg. Eg har vel alltid visst at eg er over gjennomsnittet interessert å nyhende, men at eg skulle bruke det til noko vart ikkje verkeleg før Nynorsk Mediesenter var eit alternativ. Eg søkte. Kom ikkje inn. Søkte ein gang til. Heldigvis, har ho tidlegare uttalt til Nynorsk Mediesenter sine eigne nettsider.

– Kva drøymer du om vidare?

Det må vera å få halde fram med å vere nysgjerrig.

– Kvar er du om ti år?

Kanskje akkurat der eg er no? Kanskje med nye utfordringar? Så lenge eg føler meg like utfordra som eg gjer no, skal eg vere nøgd.

– Kven har du som førebilete?

Eg har fleire førebilete, både språklege og journalistiske. Både i NRK og i andre medium. Eg tenkjer at det er viktig å la seg inspirere, så ein klarer å utvikle seg på begge desse områda.
 

Les intervjuet i Magasinett!