Somlande studentar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det overraskar ingen at fråfallet er høgt og gjennomstrømminga dårleg når rammevilkåra for å vere heiltidsstudent er slik dei er i dag, seier Ola Magnussen Rydje, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO) i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Vanskeleg å velja utdanning

Færre studiestader
I dag la Kunnskapsdepartementet fram «Tilstandsrapporten for universiteter og høyskoler».

Rapporten konkluderer med at fråfallet – som har ligge på 17-18 prosent dei siste åra –er for høgt.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som la fram rapporten var ikkje nøgd med alle funna. Han viste òg til tidlegare undersøkingar som avslørte at studentar berre studerer 27 timar i veka.

– Me krev for lite av studentane, me kastar bort verdifulle ressursar. Ikkje berre pengar, men òg studentane si tid, sa kunnskapsministeren frå talarstolen.

Han varsla på nytt at det vil verte færre studiestader i Noreg.

LES OGSÅ: – Sannsynleg med færre høgskular

Flinke sjukepleiarar
Berre fire av ti studentar fullførar bachelorgraden sin på normert tid. Etter eitt ekstra år har nærare 60 prosent fullført bachelorgraden, medan i overkant av 70 prosent fullfører etter to ekstra år. Av masterstudentane fullførte berre 37 prosent på normert tid, medan heile 60 prosent kom i mål med eitt år ekstra.

Fråfallet varierer mellom dei ulike studia. Sjukepleiarstudentar og dei som studerer økonomiske og administrative fag fullfører i størst grad. Blant samfunnsvitskapsstudentar og dei som tek historisk-filosofiske fag fell kring halvparten frå utan å ha fullført ein bachelorgrad.

Sparestykket
Berekningar gjort av NSO syner at Noreg kan spare 40 millionar kroner for kvar prosent fråfallet vert redusert. No vonar dei på nye endringar etter kvalitetsreforma frå dei raudgrøne i 2003 og oppmodar dei blå til handlekraft.

– Regjeringa kan allereie med statsbudsjettet for 2015 syne at dei ynskjer å snu trendane frå fiaskoreforma og satse på kvalitet i høgare utdanning, seier Rydje.

NSO ynskjer seg meir tid på førelesningar, lesesalar og kollokvier, men viktigast av alt: auka studiestøtte og 3000 studentbustadar årleg.

Organisasjonen har lenge arbeidd for å innføra heiltidsstudenten på ny ved å auka studiestøtta til 1,5 gonger grunnbeløpet, eit krav som i dag betyr nesten 128.000 kroner i stipend og lån.