Minst fire representantar i Venstre har bestemt seg for å stemma for å få Grunnlova på nynorsk.

mm

– Eg har lenge undra meg over kvifor Grunnlova skal vera på eit så gamalmodig språk, seier Iselin Nybø. Venstre-representanten frå Rogaland er sjølv jurist og går inn for å modernisera språket i Grunnlova, og få ho på både nynorsk og bokmål.

– Eg har aldri vore i tvil. Det er heilt opplagt at språket må moderniserast. For meg er det den demokratiske grunngjevinga som er den viktigaste. Grunnlova må ha eit så lett tilgjengeleg språk som mogleg, seier Terje Breivik, Venstre-representant frå Hordaland til Stortinget.

Guri Melby møter for Oslo-representant Ola Elvestuen neste veke. Også ho går inn for ei modernisering av språket med Grunnlova på både nynorsk og bokmål.

– Eg kjem til å stemma for at Grunnlova skal koma eit meir modernisert språk, skriv ho i ein sms til Framtida.no.

Onsdag blei det klart at stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Sogn og Fjordane hadde bestemt seg for å stemma for Grunnlova på moderne bokmål og nynorsk når Stortinget skal behandle språkrevisjonen 6. mai.

– Grunnlova er eit viktig symboldokument. At ho finst på både bokmål og nynorsk vil vise at dei to målformene er likeverdige. Dessutan er Grunnlova skriven på eit veldig alderdommeleg språk, som mange i dag vil ha problem med å skjøna. Da blir det i seg sjølv eit viktig demokratisk poeng at ho skal bli lett å lesa, sa han til Firda.

Til Framtida.no seier Rotevatn at han håpar på fleirtal i stortingsgruppa for ei nynorsk Grunnlov.

Pål Farstad, representant frå Møre og Romsdal seier til Framtida.no at han ikkje har bestemt seg.

– Eg er på reise no, og vil mest sannsynleg bestemma seg når eg møter på Stortinget neste veke.

LES OGSÅ:Rotevatn går for nynorsk Grunnlov

KrF er låst
For å få nok stemmer i Stortinget for ei endring av språket i Grunnlova, må det vera totredjedels fleirtal. Av dei 113 stortingsrepresentantane som må til, er det no førebels 78 representantar som er venta å stemma for Graver-utvalet sitt forslag til språkleg modernisering av Grunnlova. Dette inkluderer stemmene til Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og fem representantar frå Venstre.

Kristeleg Folkeparti er bunden av eit landsmøtevedtak om å stå på dagen språklege versjon av Grunnlova.

– Gruppa vil stemma samla, seier Hans Fredrik Grøvan, som sit i Kontroll- og konsitusjonskomiteen for partiet.

– Me er ikkje mot ei nynorsk utgåve, men er mot å endra språket på Grunnlova for å unngå å risikera uklare tolkingar av lova, seier han. Grøvan legg til at partiet er open for at nye paragrafar kan skrivast i ein moderne språkdrakt på nynorsk og bokmål.

– Men ein har då klart å omsetja Bibelen til både nynorsk og bokmål?

– Ja, men etter mi meining er det ikkje ei god samanlikning. Bibelen kan neppe lesast som eit juridisk dokument.

LES OGSÅ: Krev Grunnlova på nynorsk

Håpar på Høgre-folk
Framstegspartiet er venta å stemma for forslaget til Carl I. Hagen som Finn-Erik Vinje står bak.

Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø håpar at fleire Høgre-folk kan snu i saka og stemma for Graver-utvalet si modernisering av språket.

Høgre stiller representantane sine fritt til å stemma det dei vil. Men av dei Høgre-representantane som Framtida.no har snakka med, er det ingen som seier dei vil stemma for modernisering av språket. Tidlegare ordførar i nynorsk-kommunen Sund, Ove Bernt Trellevik, seier at han ikkje vil ha Grunnlova på to språk.

– Eg er litt samnorsk-mann, så om ein kunne blitt samde om Grunnlova på eitt språk, så kunne eg vore med på ei modernisering, seier han.

Sigurd Hille, òg han frå Hordaland, er tidlegare disponent i den no nedlagde nynorskavisa Gula Tidend.

– Eg stiller meg bak Michael Tetzschner sitt utmerka forslag, seier han.

Ifølgje dette forslaget vil framtidige grunnlovsforslag fremjast i eit verdig samtidsspråk.

LES OGSÅ: 17-åringen som blei Grunnlovsfar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE