Rotevatn går for nynorsk Grunnlov

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No har han bestemt seg

– Eg kjem til å røyste for framlegget om dei versjonane Graver-utvalet har laga, og eg håpar andre representantar gjer det same, seier Rotevatn til Firda.

Rotevatn har fått mange reaksjonar etter at han tidlegare i april sa han ikkje hadde bestemt seg for kva han skulle meine om saka. No har han landa.

– Grunnlova er eit viktig symboldokument. At ho finst på både bokmål og nynorsk vil vise at dei to målformene er likeverdige. Dessutan er Grunnlova skriven på eit veldig alderdommeleg språk, som mange i dag vil ha problem med å skjønne. Da blir det i seg sjølv eit viktig demokratisk poeng at ho skal bli lett å lese, seier han.

Venstre gjekk i innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen saman med Høgre og KrF mot å endre grunnlovsspråket, men Venstre har vald å stille representantane sine fritt.

Med Rotevatn kjem tre av dei fire stortingsrepresentantane frå nynorskfylket til å stemme med dei raudgrøne for ei Grunnlov på moderne norsk. Høgre-representanten Bjørn Lødemel har sagt at han ikkje kjem til å gå inn for ein språkrevisjon av Grunnlova. (©NPK)

LES OGSÅ: Oppfriskinga av Grunnlova splittar Stortinget