Frå 1. juli set Lånekassa ned den flytande renta på studielån til rekordlåge 2,374 prosent.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Rentene våre har vore stabilt låge ein lang periode no, og frå 1. juli får vi den lågaste renta i historia til Lånekassa, seier kommunikasjonsdirektør Anne-Berit Herstad i Lånekassen.

Renta blir sett ned 0,103 prosentpoeng frå 2,477 prosent i dag.

LES OGSÅ: Lånekassen vurderer å kutte bortebuarstipend

Fast flyt
429.700 personar har flytande rente på studielånet sitt, medan 169.100 har fast rente. I byrjinga av april kunne lånekassekundar binde renta på 2,771 prosent for tre år, 3,162 prosent for fem år og 3,844 prosent med ti års bindingstid.

Både fast og flytande rente på studielån blir fastsett seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, får automatisk flytande rente.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE